Feittavleiring

Vurdering av feittavleiring er avgjerande for kva feittgruppe lammet vil inngå i, som igjen har betydning for om lammet er slaktemogent. Når lammet ligg rundt feittgruppe 2+/3- reknar ein at lammet har utnytta potensialet (høg vekt) utan at ein får trekk i kvaliteten på grunn av for mykje feitt.

Kor tid lammet vil oppnå optimal feittgruppe er avhengig av ulike faktorar. Lam med god og jamn tilvekst vil avleira feitt ved høgare vekt enn lam med dårleg tilvekst. Elles vil lamma avleira meir feitt ved intensiv sluttfôring samanlikna med ekstensiv sluttfôring. Det er også kjent at saulam og lam av lette raser vil legga feitt ved lågare vekter. Derfor bør kvart enkelt lam vurderast.

Ved å kjenna over ryggen og torntappane vil ein få ein peikepinn på haldet og feittavleiringa. Torntappane skal kjennast, men dei bør vera avrunda og mjuke å ta på. Over ryggen kan lamma godt vera litt runde, men det skal ikkje vera eit tjukt feittlag. Det kan vera lurt å notera ned si eiga vurdering før slakting og sjå om det stemmer overeins med slakteriet si vurdering. På den måten kan ein øva seg på haldvurdering og tilpassing av optimalt slaktetidspunkt på lamma.

Holdvurdering klasser
Illustrasjon: Nortura

Levandevekta er avgjerande for slaktevekta

For å få best betalt for lamma må slaktevekta vera over 15,1 kg. Den generelle tommelfingerregelen er at slaktevekta utgjer 40% av levandevekta på vêrlam, medan på saulam er slakteprosenten 42%. Dersom ein siktar seg inn på 18 kg slaktevekt betyr det at vêrlamma må vera 45 kg og saulamma 43 kg. Som nemnt legg vêrlamma som regel feitt ved høgare vekter samanlikna med saulam, så det kan vera aktuelt å sikta seg inn på høgare slaktevekter på vêrlamma enn på saulamma.

Slaktetidspunktet påverkar prisen

Slakteria har lagt ut prisløypa for lammesesongen 2022. Prisen er høgast i midten/slutten av august før den vil falla utover hausten. Dersom ein har lam som er slaktemogne allereie på denne tida vil det vera gunstig å utnytta dei gode prisane. Planlegging av slaktetidspunkt i forhold til prisløypa kan vera ei god investering. Elles melder Nortura om godt sal og god marknadsbalanse, som gjer at avrekningsprisen på både lam og sau vil ligga 6-8 kr høgare i år enn i fjor.

Holdvurdering lam foto njal njaerheim
Ved å kjenna over ryggen og torntappane vil ein få ein peikepinn på haldet og feittavleiringa. Foto: Njål Nærheim