Oppdatert 29. juni.

NLR Trøndelag følgjer med på vekst og utvikling i eng på ein del lokalitetar i Trøndelag. Vi bestemmer utviklinga og måler høgda på graset fram mot slått. Desse registreringane blir brukt som kalibreringsgrunnlag for Grovfôrmodellen https://www.vips-landbruk.no/roughage/nutrition/ som både estimerer utviklinga av avling og kvalitet frå vekststart til notid og gir oss mulegheit til å lage prognoser fram i tid. I tillegg tar vi ut prøver av graset så snart strekningsveksten begynner. Prøvene blir sende til analyse og når svara ligg før, legg vi ut også desse. Postgangen avgjer i praksis kor raskt vi kan presentere analysesvara.

Vi har lagt vinn på å velje ut lokalitetar som ikkje ligg langt unna værstasjonane i LMT-nettverket slik at det skal være minst muleg klimatiske forskjellar mellom enga vi gjer våre observasjonar i og værstasjonen som genererer data til Grovfôrmodellen. I tillegg vil det i år bli tatt ut prøver frå eng på Ørlandet. Stasjonen i Rissa blir brukt som grunnlag for berekningar i Grovfôrmodellen på denne lokaliteten.

Kvar lokalitet har sin eigen tabell. Dei første radene i tabellen viser varmesum og nedbør rekna frå vekststart fram til aktuell dato, estimert kvalitet og avling frå Grovfôrmodellen, og til slutt resultat frå analyser av grasprøver tatt ut på dei respektive datoane. Dei siste (grøne) radene i kvar tabell viser prognose for avling og kvalitet ei og to veker fram i tid.

Rindal6
MG6
Oppdal6
Orkland6
Indre Fosen6
Orlandet6
Stjordal6
Steinkjer6
Overhalla6

Stasjonane i Rennebu og på Skjetlein har dessverre ikkje datagrunnlag som gjer det muleg å berekne avlings- og kvalitetsutvikling ved hjelp av Grovfôrmodellen. Stasjonen på Mære hadde driftsstans mellom 24.mai og 8.juni og vi må derfor bruke data frå Kvithamar som grunnlag for prognosane på denne lokaliteten.

Det er viktig å understreke at verken Grovfôrmodellen eller andre, liknande verktøy, gir oss fasitsvaret verken i sanntid eller i prognosene. Den gir derimot ein rimeleg god peikepinn på retninga og farten i utviklinga av avling og kvalitet. Nærmast fasiten kjem ein ved å ta turen ut på si eiga eng for å ta graset nærmare i øyesyn.

Fiberfraksjonen (NDF)

Vi gjer merksam på at NDF både i Grovfôrmodellen og kvalitetsanalysane bestemt med NIRS hos NIBIO er basert på ein analysemetode som gjennomgåande gir høgare verdiar enn metoden som blir brukt av bl.a. Eurofins og Ofotlab. SOm ei grov tilnærming kan ein trekke frå 50g/kg TS frå dei verdiane i desse tabellane og få verdiar som kan samanliknast med det ein ville fått på dei nemnte laboratoria.