Beitepussing med presisjon Foto Atle Lende
Presisjonsutstyr burde koma med ein advarsel - det kan nemleg vera sterkt vanedannande når ein først har starta... Foto: Atle Lende

Med auka krav til miljø, klima og dokumentasjon, samt gjødselprisar opp til 40% over normalen, er det kanskje på tide å ta steget med å skaffa seg navigasjonsutstyr. Men kor skal ein begynne? Her er nokre enkle tips for deg som vurderer dette:


  • Begynn enkelt. Det finst fleire app’ar som ein kan laste ned gratis mobilen og prøve. Kjør på eit jorde som skal pløyast eller ein stor parkeringsplass. Grensa kan teiknast inn eller registrerast ved å køyra rundt heile kanten.
  • Det er ein stor fordel å ha mobilhaldar til telefon/nettbrett - det er godt både for HMS og blodtrykk. Kjøp ein billig med sugekopp i første omgang. Du kan bruka den i bilen etterpå dersom du ikkje går vidare.
  • Prøv og opprett ei A-B linje etterpå – ei A-B linje er linja som vert kopiert i same avstand bortetter jordet som du skal sikta etter. Still deg opp ei eine enden av eit rett strekk på jordet. Trykk på A-B knappen – kjør mot enden – trykk på A-B knappen før du når enden. App’en trekker ei rett linje mellom dei to punkta.
  • Eksempel på app’er som er gratis å teste:
  1. - AgriBus-Navi - GPS Navigation for Tractors
  2. -Field Navigator
  3. - FieldBee (nevnte app’er kun testa på Android)
  • Dersom du har kjøpt mineralgjødselspreiar med presisjonsstyring, men ikkje heilt våga deg utpå: kjøp ein storsekk eller to med granulert kalk og kjør ut på eit jorde som du skal pløye. Prøv å køyre ut ved å bruke styringa som du har kjøpt. Husk å ha med manualen.
  • Bruk mobilen og film dersom du får opplæring. Då kan du spole fram og tilbake når du står fast seinare.
  • Ring ein kollega som har erfaring med presisjonsutstyr, og høyr på kva erfaringar han eller ho har gjort seg. Du får også heilt sikkert lov til å prøva – alle likar å visa fram utstyret sitt
  • Slepp laus neste generasjon. Dei fikser dette før middag, dessutan er dette ein god måte å engasjera dei i drifta.
  • Ta kontakt med Atle Lende i NLR Rogaland og be om hjelp til å koma i gang