Foto: Magne Norddal

Arve Arstein

Eg tykkjer sjølv er ein heldig kar, som er fødd og oppvaksen på eit mjølkebruk i skifabrikk- og landbruksbygda Straumsnes i Fjaler.

Grovfôret kostar

Grovfôret er ein stor kostnadspost hos dei fleste bønder; eigeprodusert grovfôr er dyrare enn mange er klar over, og vestlandsgrovfôret er på det jamne det dyraste i landet. Dei fleste lyt rekne med at grovfôret kostar 3-4 kr pr. fôreining i vårt område. Då er alle kostnader med dyrking og hausting rekna inn, men areal- og kulturlandskapstilskotet er ikkje trekt i frå. Variasjonane mellom bruk er store, og den faktoren som oftast har mest å seie for grovfôrprisen er avlingsnivået. Ein stor kostnadspost i grovfôrdyrkinga er handtering og spreiing av husdyrgjødsel.

Avlingsnivået betyr mykje

Vi snakkar ofte om variable og faste kostnader; mineralgjødsel er ofte ein stor variabel kostnad, og eit døme på faste kostnader er vedlikehald og avskriving på traktor og utstyr som vert brukt i grovfôrdyrkinga. Sidan vi måler grovfôrkostnaden i kroner pr. fôreining, er det to tal som avgjer dette: Samla grovfôrkostnad dividert på tal fôreiningar. Dei faste kostnadane er størst, og dei varierer lite med avlingsnivået. Døme: Kostnaden med å køyre ut 500 m3 husdyrgjødsel er den same anten ein haustar ei lita eller stor avling på areala. Ei stor avling vil såleis gje ein lang lægre kostnad med husdyrgjødsla målt pr. fôreining.

Hjortebeiting set ned avlinga

Det eksplosive auken i hjortebestanden på Vestlandet har gjort at mange bønder opplever at hjort beiter hardt på bøane. Bønder som treng mykje og godt grovfôr må drive engareala intensivt; hyppig fornying av eng og bruk av yterike grasblandingar gir langt betre avling enn gamal eng, og grovfôrkostnadane målt pr. fôreining vert lægre.

Dessverre opplever mange at beiting av hjort på innmark er eit stort problem. Hjorten likar grasartane i ung eng betre enn i gamal eng, og særleg ser vi at grasblandingar med timotei vert hardt beita. Eit tiltak mot dette er å redusere bruken av timotei i frøblandingane. Nokre bønder har valt å ikkje nytte timotei i det heile. Vi ser at tiltaka reduserer skadeomfanget av beitinga, og eng dominert av raigras, raisvingel, strandsvingel og engrapp held seg betre over tid sjølv om den vert beita hardt.

Figuren viser resultat frå grundige registreringar over fire år på eit bruk i Norddalen i Fjaler kommune. Registreringane er gjort av NLR Vest på tre ulike stader på garden med 165 daa eng. Hjorten har «ete opp» i overkant av ein god rundballe pr. daa kvart år. Kostnaden samla sett vert formidabel for bonden, som må erstatte avlingstapet med kraftfôr og dyrt grovfôr.

Auka grovfôrkostnader grunna beiting av hjort kjem i tillegg til eit elles høgt kostnadsnivå i landbruket. Det er oftast bruk som har investert og utvida produksjonen som vert hardast råka. Næringa har ikkje råd til dette.

Reduser hjortestammen!

Kostnaden med ein stor hjortestamme er ikkje så openberr som andre kostnader. Min påstand er difor at mange bønder ikkje er klar over kva dette betyr for driftsresultatet på garden. I ei næring med låg lønsemd er det uhøyrt at hjortestammen skal påføre enkeltbruk store ekstrakostnader. Grunneigarar og forvaltinga må ta grep for å redusere hjortestammen. Det er det einaste tiltaket som verkeleg vil monne!

Kostnad hjorteskade
Figur: Avlingsnivå etter hard hjortebeiting og kostnad dette påfører bonden, som må erstatte tapt avling med kraftfôr og innkjøpt grovfôr.