Vi har observert svært mykje høymole og kanskje endå meir løvetann enn vanleg i år. Vassarve er også i stor grad ei problemstilling også i eng. Her kjem litt råd når det gjeld kjemisk kamp etter 1. slått, evt. etter 2. slått:

Eng med kløver

Mot høymole har vi mange middel å velje mellom. Vi må først og fremst skilje mellom eng med og utan kløver. Har du eng der kløver framleis finst i så stor grad at den er viktig, så er det i realiteten berre Gratil + klebemiddel som er aktuelt å bruke. Dette er godt mot høymole og brukbart mot løvetann. Mot vassarve er det noko dårlegare. Express SX er svært godt både mot løvetann og vassarve, men er godkjent berre i varig beite og i attlegg. Harmony 50 SX står også oppført som aktuelt i eng med kløver i fleire tabellar. Vår erfaring er at Harmony kan gje stor skade på graset i form av gulning og tilbakesett vekst.

Eng utan kløver

I eng som er nokre år gamal er kløver stort sett borte, og vi har mange middel å velje mellom. Flurostar 200 og Tomahawk 200 EC er to heilt like middel som er svært gode i kamp mot høymole, løvetann og vassarve. Desse blir ofte førsteval når vi ser på verknadsgrad og pris. Du skal likevel vere klar over at er ein skilnad i bruk av desse to midla. Flurostar kan brukast berre ut juli månad, medan Tomahawk kan brukast ut august. Behandlingsfrist er 7 dagar.

Bilde 1 Hoymole Fitje 1
Vanleg høymole på ideelt sprøytestadium etter slått.
Bilde 1b 20220619 190604
Høymole dominerer. I slike tilfelle er det grunn til å vurdere kva som skal gjerast etter slåtten.

Starane XL og Cleave er to andre gode høymolemiddel som også er gode både mot løvetann og vassarve. Dette er to namn på det same kjemiske middelet. Prisen ligg på same nivå som for Flurostar og Tomahawk. Behandlingsfrist er 7 dagar også her.

Bilde 22
Svært mykje løvetann i vår. Til høgre ser vi same enga no etter 1. slått. Løvetannblada er tydlege. Det kan vere aktuelt med sprøyting her no. Aktuelle middel er bl.a. Flurostar/Tomahawk, Starane XL, Duplosan Super. Val av middel er avhengig også av kva for andre ugras som finst.
Bilde 3 Lovetann etter slatt
Svært mykje løvetann i vår. Til høgre ser vi same enga no etter 1. slått. Løvetannblada er tydlege. Det kan vere aktuelt med sprøyting her no. Aktuelle middel er bl.a. Flurostar/Tomahawk, Starane XL, Duplosan Super. Val av middel er avhengig også av kva for andre ugras som finst.

Mekoprop er eit gamalt, godt middel mot mange ugras. Middelet har hatt fleire ulike handelsnamn. Døme er Duplosan Meko og Mekoprop Nufarm. Tidlegare var Mekoprop eit mykje tilrådd middel mot høymole. I 2017 blei høgste lovlege dose redusert til det halve i høve til tidlegare. No er maksimal dosering 200 ml. pr. dekar. I praksis har det synt seg at denne doseringa ikkje har vore god nok mot høymole, utan at vi har særleg mange slike observasjonar. Mekoprop er også godt mot vassarve. Behandlingsfrist er 14 dagar.

Bilde 4 Lovetann og vassarve var 2022
Når vi ser denne blandinga av løvetann og vassarve før 1. slått, er det all grunn til å følgje med og vurdere situasjonen i gjenveksten etter slåtten.
Bilde 5 Vassarve i eng Moane 2022
Vassarve i eng rett før slått.

Banvel er eit gamalt middel som framleis er i handelen. Svært god verknad på høymole og vassarve, men er svært dyrt i bruk ved breisprøyting. I praksis er dette mest aktuelt til punktsprøyting mot høymole. Banvel har behandlingsfrist på 21 dagar.

Bilde 6 Byhoymole 2
Byhøymole er vanskelegare å bekjempe kjemisk enn vanleg høymole. Punktsprøyting med Banvel kan vere eit godt råd, men på eit tidlegare stadium enn vi ser på bildet her.

Duplosan Super er eit svært godt og allsidig middel. Dette er samansett av tre ulike kjemiske middel som gjer at det har brei og god verknad på mange ulike ugras. Duplosan Super er svært godt mot høymole, engsoleie, krypsoleie, løvetann og vassarve. I tillegg er det kanskje det beste valet også mot hundekjeks. Behandlingsfristen er på 21 dagar.

Bilde 7 Hundekjeks pa Bystingen
Hundekjeks er velkjent ugras, spesielt langs gjerde og vegar. På bildet til venstre er det sjølvsagt for seint å sprøyte. På gjenvekst etter slått, eller tidleg vår, er det meir aktuelt. Duplosan Super kan vere eit godt val av middel. Harmony 50 SX eit anna middel. Vi frårår bruk av Roundup (glyfosat) i slike samanhengar. Då drep ein alt graset, og det første som kjem igjen er ugraset.
Bilde 8 Hundekjeksq
Hundekjeks er velkjent ugras, spesielt langs gjerde og vegar. På bildet til venstre er det sjølvsagt for seint å sprøyte. På gjenvekst etter slått, eller tidleg vår, er det meir aktuelt. Duplosan Super kan vere eit godt val av middel. Harmony 50 SX eit anna middel. Vi frårår bruk av Roundup (glyfosat) i slike samanhengar. Då drep ein alt graset, og det første som kjem igjen er ugraset.

I tillegg til det som er nemnt her, så kan det vere aktuelt å blande ulike middel. Ta kontakt med ein rådgjevar i NLR Vest om du vil diskutere meir detaljar og ugraskamp mot andre ugras!

Det er lenge igjen av sesongen. Ting gjerne rådgjevingspakken «NLRpluss Grovfôr», her.