Orset folk
Hans Orset og Annlaug Engen Orset har no hatt ammekyr og oksar i det ombygde fjøset i tretten år og er nøgde med dei løysingane dei valde. (Foto: Maud Grøtta)

Då Hans Orset tok over heimgarden sin i Torvikbukt på Nordmøre saman med kona Annlaug Engen Orset i 1992, var dei bestemte på å avslutte mjølkeproduksjonen. Dei hadde begge ynskje om å arbeide utanom garden og ville gjere det lettare for seg sjølv med å legge om til kjøtproduksjon. Det vart slutt på mjølkeproduksjonen i 1994, og i 1996 flytta dei til garden for å ta over for fullt. Annlaug er no styrar i barnehagen i bygda. Hans har halv stilling i Søndagsskulen Noreg og 20 prosent stilling i Den Norske kyrkja, der han arbeider med trusopplæring i Gjemnes kommune. I tillegg har han ei lita stilling på Nordvestlandet folkehøgskole som ligg i bygda.

Utvida liggeavdeling

Det vart lagt om til kjøtfe delvis ved at det vart inseminert eller para med Hereford og delvis ved innkjøp av Hereford-kviger. Dei første 13 åra hadde dei ammekyr i båsfjøset frå 1979. Dette var ikkje ei god løysing. I tillegg var innreiinga utsliten og noko måtte gjerast. I 2007 bygde dei på ei liggeavdeling til kyrne, som er 8 x 10 m og rommar 16 liggebåsar og eit kalvegjømme. Dei gamle båsane langsmed fôrhekken vart tatt bort og erstatta med spaltegolv. Dette vart eit nytt og betre liv for både folk og fe.

Orset liggeavdeling red
Vinkelrett på det gamle husdyrrommet vart det bygd på ei liggeavdeling med 16 båsplassar. Når dyra er i lausdrift er det ikkje krav om lufting om vinteren. (Foto: Maud Grøtta).

Liggepall til ungdommen

Då utbetringa av fjøset vart gjort i 2007, hadde dei allereie starta ei omlegging til økologisk drift, og fjøset måtte imøtekome reglane til slik drift. Det betydde at alle dyr skulle ha tilgang til liggeplass som ikkje er på spalter. Ungdyrbingane fekk liggepall med god helling. Nær fôrbrettet vart det gamle golvet saga opp og det vart satt inn spaltegolv. Dei gamle respatexplatene på veggane var ikkje sterke nok til å tåle påkjenninga frå dyr i lausdrift. Nedste delen av veggane vart difor dekte med sterke glasfiberplater. Desse viser nesten ikkje slitasje etter dei tretten åra dei no har vore i bruk.

Orset inne1 red
Påbygget vart innreia med 16 liggebåsar og eit kalvegjømme. (Foto: Maud Grøtta)

Veranda til oksane

For oksar er det krav om at dei skal vere på beite om sumaren. Alternativt kan dei gå i lausdrift med fri tilgang til lufteplass heile året. Hans og Annlaug valte denne løysinga. I kortenden av det gamle fjøset vart det bygd ein veranda i betong, 10 x 5 meter stor. Det vart fylt opp med stein og bitar av det gamle golvet som var fjerna frå fjøset, og plate vart støypt oppå. Denne har helling innover mot veggen slik at møkk og vatn kan renne ned i kjellaren. Om det kjem svært mykje nedbør, kan dei bruke ei alternativ løysing som fører vatnet frå verandaen gjennom eit rør og ned i grunnen.

Betongplata har fått ein del hol som ikkje er so lett å reparere. Hans seier han skulle ha brukt betong av betre kvalitet. Hellinga på plata skulle ha vore større. Det er berre 5 cm fall på den 5 meter breie plata. Det er for lite.

Orset veranda red
I kortenden av fjøset vart det bygd ein veranda der oksane kan gå ut på lufting. Om oksane ikkje er på beite om sumaren har dei rett til fri tilgang til lufteplass året rundt. (Foto: Maud Grøtta.)

Verandaen har eit solid rekkverk. Då plata vart støypt vart det satt ned brusflasker i den våte betongen for å lage hol til stolpane. På stolpane er det festa tre høgder med 2" x 4". Det vart bruka impregnert materiale. Rekkverket har halde seg godt i mange år, men er no modent for utskifting.

Oksebingen har fem liggebåsar. Den eine er so brei at den kan romme fleire småoksar. Etter nokre år vart båsskilja tatt bort. Døra står open heile døgnet. Den vert lukka viss det er glatt ute på verandaen slik at det er fare for at dyra kan øydelegge seg. Om det er svært kaldt kan den og verte lukka for at ikkje vatnet skal fryse inne i fjøset. På verandaen har oksane tilgang på drikkevatn, men alt fôr vert gitt inne.

Oksane brukar verandaen kvar dag. Ofte møter Hans dei der når han skal i fjøset. Om sumaren likar dei å legge seg ned ute. Plattingen må skrapast for møkk, det vert gjort ein til to gonger i veka.

Angra ikkje på omlegging

Hans seier han aldri har angra på omlegginga, verken til ammeku eller til økologisk. Det var fleire ting som samstundes peika mot økologisk drift. På den tida vart handelsgjødsla dyrare år for år. Det vart innført krav om sertifikat for å kjøpe og bruke sprøytemiddel på enga. I tillegg hadde dei fått leigd noko jord og hadde rikeleg med grovfôr.

Det var andre bønder med økologisk drift som oppmoda dei til å legge om drifta. Då reknestykka viste at dei ville kome betre ut økonomisk med økologisk drift, var det ikkje lenger noko å tvile på. Hans seier at han aldri har vurdert å legge tilbake til konvensjonell drift. Om dei skulle miste leigejorda, så vil løysinga vere å redusere dyretalet. Det var motiverande at myndigheitene hadde ei målsetjing om økologisk drift, og at det er etterspørsel etter økologiske produkt.

Meir pløying

For å halde enga i god form, med god avling og lite ugras, har Hans erfart at han treng å fornye enga oftare enn før omlegginga til økologisk drift. Han fornyar om lag kvart femte år. Jorda er steinrik. For at det ikkje skulle verte så mange timar med steinplukking gjekk han til innkjøp av steinrive og steinplukkar. Den tida var det omleggingstilskot som kom godt med for å dekke delar av dei ekstra kostnadene med innkjøp av reiskap og ombygging av fjøset. Dei fekk og god støtte frå Innovasjon Noreg.

Tilpassa ressursane på garden

Annlaug og Hans opplever no at drifta er godt tilpassa ressursane på garden. Dei har 12 kyr og fullt påsett. Om det er plass til fleire enn eigne oksar vert det kjøpt inn kalv, då gjerne NRF sidan det er lettast å få tak i. Kyr, kviger og kalvar er på beite frå mai til september. Det er litt knapt med beiteareal så det hender dyra i periodar må få rundball i tillegg på beitet. Slik passar det bra at oksane ikkje er på beite. Arbeidsmengda er overkomeleg i kombinasjon med andre yrke. I vinterhalvåret går det med 20-30 minutt morgon og kveld til fôring og til å skrape og strø liggebåsar og liggepallar.

Unntak frå beitekrav forsvinn frå 2022

I økologiforskrifta heiter det at oksar skal være på beite i sumarsesongen, eller dei skal ha tilgang til luftegard heile året. Det har vore eit unntak for dette i siste del av oppfôringsfasen. Dette unntaket vil bli tatt bort frå 2022. Det kan føre til utfordringar på gardane som har nytta seg av unntaket.

Okserapport

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) og Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har laga ei utgreiing om oksar og kastratar. Her kan du lese om ulike løysningar ved oppdrett av oksar og kastratar i økologisk drift. Rapporten har med dekningsbidragskalkyle, samt plantekninger og kostnadsoverslag for ulike bygningsmessige løysingar.

Sjå rapport utarbeida av NORSØK og NLR om løysingar for oksar og kastratar >


Denne artikkelen har tidlegare stått i Fagbladet Økologisk landbruk og vart oppdatert i februar 2021.