Ein analyse av årets grovfôr kan vere til stor hjelp når du skal planlegga den komande innefôringssesongen og neste års dyrkingsplan. Har du nok grovfôr av god næringsmessig og hygienisk kvalitet, kan du spare mykje pengar på kraftfôr.

Det bør gå minst 4 veker frå pakking til ein tek prøve av rundballar, og minst 6 veker frå pakking til ein tek prøve av plansilo og tårnsilo.

Prøveuttaket blir fakturert i timer etter oppmøte på garden. Medlemspris 675kr/t, ikkje-medlem 1350kr/t, analysekostnaden kjem utanom.
Me kan også hjelpa med å tolka analysesvaret til fôrprøven gjennom NLR Surfôrtolken.

Bestill fôrprøvane i dag! Ta kontakt med din rådgivar, eller legg inn di bestilling i skjemaet under.

Bestill fôrprøve

Uttak av forprove Foto Anders W Aune