Biogjødsla er samanlikna med mineralgjødsel, gylle, heilgjødsel, kompost og ein miks av næringsstoff som er i tråd med tilrådingar innanfor regenerativt landbruk. Målet med forsøka er å sjå korleis ulik behandling påverkar jordhelsa. Det er gjort ulike analysar på førehand, og det skal takast ut prøver på dei ulike rutene ved avslutning av forsøket. I denne artikkelen kjem vi berre inn på utslag i avling.

Bileta er henta frå forsøksfeltet i Granvin. Feltet ligg på eit stykke som er nydyrka etter å ha fått tunnelmassar. Enga var 1. års eng i 2020 og plantesetnaden var homogen. Alle rutene fekk ei grunngjødsling med gylle. Difor har vi ikkje eit typisk 0-ledd som er heilt ugjødsla.

Resultata i dette forsøket viser at biogjødsla har gitt høgast avlingar med nesten 1000 kg tørrstoff per dekar i snitt for to år. Lågast avling gav rutene som berre fekk husdyrgjødsel, men også desse gav 850 kg tørrstoff; noko som er ei høg avling. Dei andre to forsøka som er gjennomført stadfestar dette; biogjødsel har gitt høvesvis høgast og nest høgast avlingar. I alle forsøka vart biogjødsla samanlikna med lik mengde næringsstoff frå mineralgjødsel, men det er vanskeleg å rekne nøyaktig på gjødselverknaden frå organiske gjødselslag, då ein del av nitrogenet er bunde og blir frigitt over tid.

Kollegaer på Nordvestlandet og i Nord-Noreg har utført forsøk i 2021 der dei har samanlikna biogjødsel frå storfe og havbruksnæringa. Også desse forsøka syner gode avlingsutslag.

Diagram
Rådgjevar Mari Aker brukar biogjødsel på forsøksrute i Granvin.
Slaatt felt
Biogjødsel er brukt på småruter i forsøk etter ei grunngjødsling med gylle.

Er det grunn til å vere skeptisk?

Biogjødsel er eitt av to viktige produkt som blir produsert ved eit biogassanlegg (gassen er det andre). Så lenge ein puttar rein vare inn i biogassanlegget, får ein rein vare ut igjen. Dersom ein tilfører stoff med høge konsentrasjonar av til dømes tungmetall, vil dette følgje den faste massen, og dermed vere att i biogjødsla.

Det er mange lover og forskrifter som regulerer gjødselvarer av organisk opphav. Når ein blandar inn matavfall eller fiskeensilasje, er det også andre forskrifter som vert gjeldande. For bonden er det viktig å sikre seg mot skadelege stoff gjennom eit godt avtaleverk med biogassanlegget.

NLR Vest har oppretta ei ny rådgjevingsteneste innanfor fornybare energikjelder. Rådgjeving omkring biogass, bruk av biorest og avtalar mellom industrianlegg og bonde, er noko av det vi kan hjelpe til med.

Kommentar til forsøket

Feltforsøket skulle gjennomførast med utprøving av typar og kombinasjonar av biogjødsel (biorest basert på ulikt organisk materiale som husdyrgjødsel, matavfall, fiskeavfall og frass) frå Antec, NMBU. Covid-19 stoppa forsøket, og NLR Vest fekk berre ein type biorest som bestod av ca. 50 % husdyrgjødsel (storfe) og 50 % matavfall.
20200507 162828
Gjennomsnittsavling over to år på eit forsøksfelt i Granvin. Biorest har gitt lovande avlingsutslag samanlikna med kompost, Helgjødsel og mineralgjødsel. Helgjødsel er pelletert hønsegjødsel.