Svært mange har vore med på kursa med Aad Wisse, og har god kontroll på det grunnleggjande, men det kan vera greit med ein repetisjon. Her er difor først ein gjennomgang av det grunnleggjande, og deretter ein del punkt som er verdt å merka seg.

Grunnleggjande skjeringsomgrep

SaftTrekkingsSnitt (STS) – nyttar me for å konsentrera veksten i toppen eller enden av ei grein ved å skjera tilbake på 1-årig ved slik at det står att ein tapp med 2-3 sterke bladknoppar (Som regel ein tapp på 5-7 cm). Dersom det ikkje er eit alternativ å skjera i eittårig ved, t.d. fordi den aktuelle greina framleis vil vera for lang, kan ein skjera på eldre ved. Sjå etter ein ”vekstovergang” og skjer utanfor denne, før første blomeknopp. Her vil det vera sovande bladknoppar.

Skjering kjernefrukt 1
SaftTrekkingsSnitt (STS) i enden på låggreiner. Set att ein høveleg lang tapp av årsskotet i enden for å få veksten ytst, og avgrensa lengda på greina.

Vekstovergang – Staden på ei grein der veksten stoppa opp for to år sidan, og fortsette siste sesong. Dersom det var ein bladknopp i enden av skotet sist vår er det ein glatt overgang her, dersom det var ein blomeknopp er skotet tydeleg tjukkare. Ein kan lett sjå at dersom ein set att skot med bladknopp i enden vil ein få ein svært kraftig vekst neste år.

”Tomme” skot – Er årsskot utan blomeknopp i enden. Desse er i utgangspunktet lite produktive, og skal skjerast vekk. Det einaste unntaket er når me tek vare på nokon av desse årsskota for å få blomeknopp langsetter dei året etter.

Skjering i årsskot – I nokon sortar er det vanskelegare enn i andre å få blomeknoppar i enden på årsskot. Det er då aktuelt å setja att nokon av årsskota som ikkje har blomeknopp i enden for å få danna blomeknoppar lagsetter skota for året etter.

Skota ein set att slik må heller ikkje vera for kraftige. Det ideelle er skot på 15-30 cm med sterke bladknoppar langs skotet, og horisontal eller lett stigande vinkel (Maksimalt 45° i eple, 60° i pærer.). Dersom skota/knoppane langs skota er for svake vil ein ikkje få sterke blomeknoppar.

I småfrukta sortar er det viktig å skjera vekk endeknoppen på desse årsskota. Dei fleste har truleg lagt merke til at dersom ein gløymer att årsskot som ikkje har blomeknopp i enden så vil ein vanlegvis få 2-3 blomeknoppar langsetter den 2-årige delen av greina året etter, i tillegg til eit svært langt nytt årsskot i enden. Ved å skjera vekk endeknoppen året før får ein ei betre fordeling av veksten langs skotet, og fleire blomeknoppar. Skotet veks seg også stivare, slik at det held den horisontale eller lett stigande vinkelen, noko som verkar positivt på fruktstorleiken. Ei slik produksjonsgrein kan som regel behaldast i 2-3 år, til den vert dominerande eller byrjar å veksa så sterkt at den bør skiftast ut (Treng meir enn 2 snitt, enden og opprette årsskot, for å behalda greina.)

Skjering kjernefrukt 2

Dersom ei planting er i vekselbering, og 2020 er eit bæreår, kan det også vera aktuelt å setja att og skjera nokon årsskot slik for å få meir blomeknopp i kvileåret 2021.

I storfrukta sortar som 'Raud Aroma', der for store frukter kan vera eit problem, er me meir forsiktige med å skjera vekk endeknoppen sidan ein ikkje vil at skota skal veksa seg tjukkare og stivare, men heller verta meir hengjande. Øvst i trea bør ein setja att eit utval av horisontale årsskot utan å røra dei i år eller neste år, slik at dei ikkje veks seg for stive, men kjem ned av seg sjølv. I storfrukta sortar skjer me ikkje inn årsskotet i enden til 2 cm før greina er så hengjande at enden kjem under punktet der greina veks ut frå stamma.

NB! I tre som veks for kraftig kan det vera aktuelt å setja att omtrent alt av horisontale årsskot langs toppane utan å røra dei, og så heller sortera og skjera vekk dei som har vorte for kraftige neste vinter.

NB! I ein del plantingar ser me at det vert eit parti med lite vitale greiner midt i trea, sjølv om veksten er god i låggreinene og øvst i toppen. Her er det aktuelt å stimulera til litt meir vekst og stivare, lett stigande produksjonsgreiner, også i storfrukta sortar. Dvs. skjera vekk endeknoppen på horisontale eller lett stigande årsskot, og skjera i enden på lett stigande greiner på ein ca. 2 cm tapp (Lengre om greina er svak.).

”Vindauget” – Er området rett over låggreinene, 50-60 cm oppover i eple. I pærer bør det vera 70-80 cm. For at me skal få ljos inn på låggreinene for å få god kvalitet på frukta og stimulera til blomeknoppdanning kan me berre tolerera kort produksjonsved (Ca. ei sakselengde, 10-20 cm) her. Vert det for tett går produksjon og kvalitet fort nedover. Opning av ”vindauget” er difor det første me prioriterer i skjeringa!

Dominerande ved eller greiner – Greiner som er tjukkare enn 50% av stamma på staden dei veks ut kallar me dominerande. Desse veks mykje, produserer lite og skal bort, så sant me har nok blomeknoppar i trea til å ta nokon store snitt. Det optimale er at alle greiner har ein tjukkleik på om lag 30% i høve til stamma på staden dei veks ut frå Den same regelen gjeld sidegreiner frå hovudgreinene.

Fruktputeskot – Er skota som veks fram ved sida av ein blom. Desse er som regel rolege i veksten, og set lett blomeknopp i enden. Skot med blomeknopp i enden skal takast vare på.

Tappar – Når me skjer noko vekk skal me alltid setja att ein tapp. Når me skjer vekk årsskot set me att 0,5-1 cm, når me skjer vekk eldre ved set me att ein tapp minst like lang som diameteren på greina me skjer vekk (Men gjerne lenger, opptil ei sakselengde, nedst i trea, eller i tre som veks lite (Discovery) for å sikra at ein får ein ny reaksjon.). Me set att tappar både for å redusera risikoen for frukttrekreft, og fordi me ynskjer å få fram nye reaksjonar.

Vitalitet/vekst – Me må ha noko vekst i trea for å få fornying av fruktveden og god kvalitet på avlinga. Det er viktig at veksten kjem raskt i gang på våren for at me skal oppnå ein tidlegvekstavslutning i juli (Dvs. at grunngjødslinga må tidleg nok ut!).

Basisgreiner – Er dei 4-7 nedste greinene i treet, i 70-100 cm høgde. Kor mange basisgreiner ein kan ha i treet kjem an på planteavstanden og kor godt fordelte dei er. Som ein tommelfingerregel kan ein rekna med at det går greit å ha ei basisgrein pr. 20 cm planteavstand. Fire greiner i svært tettplanta plantingar (75-80 cm mellom trea), til maksimalt 6-7 greiner der planteavstanden er over 1,5 meter. Tre som ikkje har nådd høgda kan ha fleire, og plantar ein to-årige greina tre har desse gjerne rikeleg med greiner. Ein bør då byrja allereie etter første vekstsesong å skjera vekk nokon av desse (Dei som skuggar for andre eller som veks for kraftig. Bør vera minst ca. ei sakselengde mellom greinene for at alle skal få ljos.), slik at ein kjem ned på rett tal greiner når trea har nådd høgda. Også om alle
greinene er fine kan det vera lurt å skjera vekk ei for året eller annakvart år for å få ei kontinuerleg fornying av basisgreinene.

Tverrtresystem – Er eit system med tverrtre på stolpane og tre langsgåande strengar i ca. 70-75 cm høgde for å halda oppe basisgreinene. Eit slikt system held greinene meir vitale, og gjer både skjering, tynning og hausting enklare. Aktuelt i alle eple- og pæresortar med unntak av ’Discovery’. Maksimal trehøgde – For at me skal få nok ljos inn i trea er maksimal trehøgde etter vinterskjeringa radavstanden minus 0,5 meter når planteavstanden er 1,25 meter eller lågare (Kanskje radavstand
minus 0,75 m når rekkjene ligg aust-vest). Med lengre planteavstand kjem det meir ljos inn mellom trea, og ein kan ha tre som er like høge som planteavstanden.

Skjering i fleire rundar

Skjering i fleire rundar gjer det enklare å gjera arbeidet rett sidan ein har mindre å konsentrera seg om i kvar omgang.

Runde 1 – Dominerande greiner

I ein del plantingar, gjerne 5-6 år gamle, ser me at det byrjar å verta tid for fornying av låggreiner, evt. reduksjon av tal låggreiner (Max ei låggrein pr. 20 cm rad.). Set att lange tappar for å sikra at du får reaksjon (10-20 cm, vurder veksten i trea.), og prioriter den kraftigaste/minst produktive greina med mange opprette skot.

NB! Som regel er det berre aktuelt å ta ut ei låggrein pr. år, unntaksvis fleire dersom trea er altfor tette. Dersom trea veks for mykje må ein gjerne avventa til ein har fått roa dei med rotskjering og fått meir blomeknopp før ein byrjar å fornya låggreiner. Vurder om det er nok produksjon oppover i trea til at du kan byrja å fornya låggreiner.

NB! Dersom ein må behalda låggreiner som eigentleg er for dominerande/opprette for å unngå ubalanse i treet eller for å behalda nok blomeknopp kan det vera eit alternativ å skjera halvvegs inn i greina på oversida ca. 5-10 cm frå stamma, og setja ein brest i greina slik at ein får bøyd den ned og festa den til ein sidestreng i
tverrtresystemet. Dette bør gjerast så seint at det er god saftstraum i greinene (mars/april), slik at endeknoppen er i gang med utviklinga og vil dominera over
resten av greina, og slik at risikoen for å knekka greina heilt av er mindre. Samstundes må ein ikkje vera så seint ute at ein risikerer at greina tørkar inn.

Skjering kjernefrukt 3
Brest i dominerande låggrein, her i 'Celina'.

Runde 2 – Vindauge

Andre trinn er opning av vindauget i trea. Ta ein rask runde med stor saks og rensk området rett over låggreinene for kraftige greiner som skuggar. Begynn rett over basisgreinene og fortset 50-70 cm oppover (70-80 cm i pærer). Hugs på å setja att tappar!

Runde 3 – Toppen

Ta ein ny runde med den store saksa, skjer STS i toppane, og skjer dominerande greiner og eventuell gamal, lite vital fruktved inn på tapp. Når ein har tre som produserer godt og har mykje fruktved oppover langs stamma må ein vera på vakt! Den eldste veden må skjerast inn på tapp for at ein skal få fornying. Det sterkaste og det svakaste skal bort, føresett at ein har nok blomeknopp att i trea. Set gjerne ein regel for deg sjølv før du byrjar, t.d. 2-5 snitt langs kvar topp (Flest i produktive, småfrukta sortar som t.d. Summerred.).

La gjerne veksten koma ut i enden på produksjonsgreiner langs toppen, skjer årsskot i enden på slike inn på 2 cm tapp i småfrukta sortar/pærer, og dersom greina byrjar å verta hengjande og treng å stimulerast i storfrukta sortar.

Runde 4 - Basisgreiner

Stort sett same jobben som i runde to, men denne gongen på basisgreinene. Begynn med STS i enden på greina, og arbeid deg innover. Pass på at du ikkje byggjer greinene lenger ut kvart år, gå heller litt tilbake for å halda dei innanfor tildelt plass. I mange plantingar ser me at ein må gå tilbake på eldre ved og skjera til ein bladknopp/sovande knoppar for at greinene ikkje skal verta for lange.

Skjer dominerande eller lite vital ved inn på tapp. Prøv å halda greinene slanke, skjer vekk kraftige forgreiningar. Fjern også blomeknoppar på undersida, og opprette skot langs greinene. Me vil helst ha horisontal fruktved på sidene av greina, maksimalt 20-25 cm ut. Fornying må til for å halda oppe produksjon og kvalitet, samt motverka vekselbering!

Til sist må årsskot som ikkje har blomeknopp i enden (Og som ein ikkje let stå, og evt. skjer endeknoppen av og tek vare på for å få meir blomeknopp i 2021.) skjerast inn på 0,5-1 cm tappar. Begynn med dei sortane der det er lett å skilja blomeknopp og bladknopp, og utset dei vanskelegaste til sist. Det går an å skjera vekk årsskot heilt fram til bløming!

(Kjelde: Awika Advies)