Generelle reglar for steinfrukt

Steinfrukttrea (Søtkirsebær/moreller og plommer) vert ofte skorne i ein runde, sjølv om det kan vera ein fordel å ta grovskjering av store greiner i ein runde for seg tidlegare. For å sikra god ljostilgang nedover i trea byrjar ein alltid frå toppen.

I tre som har nådd rett høgde (Radavstanden minus 1,0 meter) nyttar me safttrekkingssnitt for å avgrensa høgda og styra vekst opp i toppen. Velg eit årsskot som held linja i stamma, og skjer tilbake på ein høveleg (10-15 cm) tapp. NB! Ver ekstra merksam på at tappen vert så lang at du får med nokon bladknoppar! Dersom tappen vert for kort, og berre har blomeknoppar vil han tørka inn etter at desse har gjeve avling, og veksten vil koma andre stader i treet.

-

Bilete 1: Pass på å skjera så lang tapp i toppen at du får med ein del bladknoppar i steinfrukt. Desse er spissare i forma enn blomeknoppane.

-

Skjering steinfrukt 1

Neste punkt er å skjera vekk dominerande greiner. I steinfrukt reknar me ei grein som dominerande dersom ho er tjukkare enn 50 % av stamma der ho veks ut i dei nedste 2/3 av treet, og dersom ho er tjukkare enn 30% av stamma der ho veks ut i den øvste tredjedelen av treet. For å sikra at me skal få reaksjonar set me att ein tapp på minst 5 gonger diameteren på greina i dei nedst 2/3 av treet, medan han kan vera noko kortare (1-2 x diameteren avhengig av vekstnivået) i den øvste tredjedelen. I heilt unge tre set ein gjerne att ein tapp om lag like lang som skaftet på saksa.

Skjering steinfrukt 2
I steinfrukt set me generelt att lengre tappar enn i kjernefrukt, sjølv tapplengdene har auka her også.

Neste år får ein ideelt sett fleire reaksjonar frå tappen, nokon sterkveksane og opprette, og nokon svakare horisontale. Særleg i moreller må ein ta vare på alle denne vekstsesongen! Dersom ein skjer vekk dei opprette, kraftige skota vil så mykje av veksekrafta gå i dei flatare brytingane at desse ikkje kan nyttast vidare.

Skjering steinfrukt 3
Frå den nedste tappen (Raud pil) har det kome to kraftige brytingar. Den eine er truleg for opprett, men første året får begge stå.

Neste vekstsesong vil det vera blomeknopp langs alle skota, og ei kan då skjera vekk dei som er for kraftige utan å risikera at dei fine produksjonsgreinene byrjar å veksa for kraftig. NB! I plommer kan ein som regel skjera dei kraftigaste reaksjonane noko ned også første vekstsesongen, for så å fjerna dei neste år.

Me ynskjer slanke produksjonsgreiner med produksjonen tett på hovudgreinene slik at greinene ikkje skuggar for mykje for kvarandre og kan gje ein god næringsforsyning til fruktene. Kraftige årsskot langs greinene skjer me difor vekk, særleg opprette skot. Ideelt sett ynskjer me ikkje å ta vare på skot lengre enn ca. ei sakselengde, men sidan dette kan stimulera til meir vekst må ein vurdera kor mykje småklipping ein kan tillata seg i høve til vekstnivået.

Nede i trea er det også aktuelt å setja att lange, horisontale årsskot langt inne på greinene for å nytta desse til fornying.

Fornying av greiner med å skjera inn på tapp kan byrja å verta utfordrande nedst i trea når dei fyller plassen, og det kjem lite ljos til. Ein kan då ofte sjå døme at ein ikkje får bryting, sjølv frå lange, kraftige tappar. Med å ta vare på sidegreiner eit stykke inne på hovudgreina kan ein fornya ved å skjera tilbake til ei slik, når den er minst to år gamal og produserer frukt. Det siste er svært viktig. Dersom ein skjer tilbake til eit årsskot vil det gå så mykje veksekraft i dette neste sesong at det vert for kraftig. Når ein ventar eitt år vil blomeknoppane og avlinga langs skotet bremsa veksten, og sikra at greina ikkje vert for dominerande. Unntaket kan vera svært
svake, hengjande greiner (Særleg i plommesortar med hengjande vekst), der ein kan prøva å stimulera ei svak grein med å skjera tilbake til eit litt opprett årsskot.

Skjering steinfrukt 4
Her er ei dominerande grein fornya ved å skjera tilbake til ei produktiv (2 år gamal) sidegrein.

Merk at me ikkje nyttar STS i enden på greiner slik som i kjernefrukt, berre i toppen. Årsaka er at dersom ein skjer inn på eit årsskot i enden på eit morell- eller plommetre vil ein som regel få mange kraftige brytingar både i enden og innover på greina, slik at ein mistar kontrollen og greina ikkje lenger vil vera nyttande. Det finst to unntak:

  • Det første kan vera dersom ei grein har vorte altfor lang, t.d. inn i køyregangen, men ein må likevel ta vare på ho ein sesong for å få nok produksjon. Det kan då vera aktuelt å skjera henne inn, ta avlinga, og skjera inn på tapp neste vinter.
  • Det andre er dersom greiner som har vorte så svake og hengjande at ein må gjera noko radikalt for å stimulera til vekst.

Punktvis gjennomgang av skjering i steinfrukt

Planteåret
Fjern ei av dei mest dominante greinene. Kutt dei på tapp med ei knapp sakselengde. Ikkje fjern meir enn 2 greiner.

Skjering steinfrukt 5

Andre vekstår

  • Topp høgda til vinterhøgde dersom det er naudsynt. Generell vinterhøgde er radavstand minus 0,5-1 meter.
  • Skjer vekk konkurransekvistane ved vekstovergangen i toppen av treet, slik at berre toppskotet står att. Set att korte tappar ettersom me ikkje ynskjer nye reaksjonar her.
  • På hovudstamma fjernar ein sterktveksande og for kraftige greiner. Skjer på tapp med ei knapp sakselengde.
  • Det er og mogleg å halvsskjera / saga litt på undersida av sterke greiner og setja ein brest i dei. Då kan ein behalda noko meir av produksjonen i treet.
  • Fjern sidegreiner på greiner, i alle fall i vekstovergangen til siste årsveksten.
  • Fjern alle årsskot som veks oppover, som er litt lengre enn ei knapp sakselengde.
  • Ta vare på årsskot som er meir eller mindre horisontale, og som kan verta aktuelle å bruka til nye greiner. Helst så nær hovudstamma så mogleg.
Skjering steinfrukt 6

Eldre tre

  • Skjer helst i fleire omgangar - fyrst med stor saks og så med lita saks.
  • Behald nok produksjonsvolum i treet. Er det nok knoppar – eller i meste laget?
  • Ta ut sterke greiner så tidleg som mogeleg – helst alt som årsskot - for å halde trea opne.
  • Dersom ein vil få nye reaksjonar så må ein skjera.
  • Lengde på tapp bør vera om lag 5 gonger diameteren på greina som ein tek ut. Ved fornying av låggreiner bør den vera endå noko lenger, så kan den vera kortare og kortare oppover i treet.
  • Ta dei store snitta tidleg i sesongen, dette for å få reaksjon frå tappen.
  • Hovudregelen er alt eller ingenting når ein skjer greiner, det er ofte betre å skjera vekk ei heil grein enn å skjera tilbake til ei sidegrein. Berre skjer tilbake til ei sidegrein dersom denne er mindre enn ¼ i tjukkelse samanlikna med hovudgreina, og er meir enn to år og har danna blomeknoppar.
  • Reaksjonar på tapp: alt eller ingenting. Lat alle årsskot bli 2 år gamle før ein bestemmer kva ein skal behalda. I plommer kan ein ta vekk enkelte årsskot – aldri i
    moreller!

Hovudstamme

  • Fjern for sterke årsskot på tapp.
  • Fjern for sterke eldre greiner på tapp.
  • Ikkje skjer for hardt i toppen, ettersom ein ynskjer litt produksjonsvolum i toppen.
  • Topping av tre - STS snitt. Bruk eit kraftig opprett årsskot og skjer vinterhøgda over minst 3 bladknoppar Dette er lettare å sjå etter at knoppane har byrja å svella.
Skjering steinfrukt 7

Produksjonsgreiner

  • Behald greinene slanke, fjern forgreiningar og ha eitt veksepunkt i enden.
  • Når ein skjer vekk forgreiningar, behald ein kort tapp.
  • Fjern forgreiningar i vekstovergangen frå år til år.
  • Set att nokon årsskot som er meir eller mindre horisontale med tanke på fornying av greina. Det er ein fordel om dei er så nær hovudstamma som mogleg.
  • Skjer hardt i svake greiner med mykje blomeknoppar. Her kan ein bryta alle reglar og skjera inn på toårig ved for å fjerna ein del blomeknoppar.

Rotskjering

Ideelt bør veksten vera slik at 2 år gamle skot berre veks i lengda, og ikkje bryt med sideskot.

  • Mykje og sterk skotvekst gjev færre blomeknoppar
  • Store skilnader mellom felt, sortar og grunnstammer om ein treng rotskjering eller ikkje. Rotskjering er et verktøy ved for sterk vekst – ikkje obligatorisk.
  • Dersom ein må skjera trea kraftig og ta ut mange store greiner bør ein også vurdera rotskjering.
  • Beste tida for rotskjering er om våren, men kan gjerast frå seinhausten og gjennom heile vinteren dersom det er praktisk mogeleg. Siste frist er 2 veker før bløming. Rotskjering om våren gir best vekstreduksjon, betre fruktsetjing og betre blomekoppar for neste år.
  • Sterkast reaksjon får ein ved å bruka ein skråkniv.
  • Hugs at sterk rotskjering fører til eit meir kompakt rotsystem. Ein må difor fylgja ekstra godt med på kva som trengs i høve til gjødsling og vatning.