Både skade av epleviklar og fersk larveskade i epleskalet er lågare i feltet med feromonforvirring. I norsk økologisk epleproduksjon er det i dag ikkje tilgjengeleg effektive tiltak mot sommarfugllarver. Bruk av feromonforvirring kan vere eit alternativt tiltak mot epleviklar og mot larver som gjer skade i fruktskalet. Vidare forsøk bør utførast i felt med like eplesortar.
Feromonforvirring
Tabell 1. Namn og livssyklus til Tortricidae-artane som er med i forsøket. Epleviklar og liten fruktviklar lagar gangar i eplet, dei andre gjer skade ved å gnage på epleskalet.
Art (latinsk og norsk) |
Over-vintring |
Sverme-periode |
Merknader |
Cydia pomonella Epleviklar |
Prepuppe |
Juni-juli |
Larvegang inn i kjernehus |
Adoxophyes orana Fruktskalviklar |
Ung larve |
Juli-august |
Ikkje skadedyr i Noreg? |
Archips podana Stor fruktviklar |
Ung larve |
Juni-oktober |
Også sein skade |
Hedya nubiferana Grå knoppviklar |
Ung larve |
Juni-juli |
Også sein skade |
Pammene rhediella Liten fruktviklar |
Prepuppe |
Mai-juni |
Larvegang inn til kjernehus. Ikkje rekna som målart, Isomat CLS |
Pandemis heparana Mørkebrun bladviklar |
Ung larve |
Juni-september |
Også sein skade |
Spilonota ocellana Raud/vanleg kartviklar |
Ung larve |
Juli-september |
Også sein skade |
Ptycholoma lecheana Blybladviklar |
Ung larve |
Juni-juli |
Ikkje rekna som målart, Isomat CLS |
Resultat
For å undersøkje effekten av feromonforvirring og vite den naturlege populasjonsstorleiken til dei aktuelle viklarartane, vart det hengt ut feromonfeller for sju ulike viklarartar i både forvirrings- og kontrollfelt. Fellene vart kontrollerte frå 28. mai til 20. august.
Tabell 4. Total fangst av vaksne møll i tre feller frå kontrollfelt og felt med feromonforvirring (Isomat CLS).
Art |
Kontroll |
Isomat CLS |
|
Epleviklar |
234 |
7 |
|
Raud knoppviklar |
404 |
0 |
|
Grå knoppviklar |
56 |
1 |
|
Stor fruktviklar |
31 |
0 |
|
Mørkebrun bladviklar |
0 |
0 |
|
Fruktskalviklar |
0 |
1 |
|
Blyviklar* |
37 |
0 |
|
Liten fruktviklar* |
14 |
0 |
*Isomate CLS har ingen effekt på desse artane
Skaderegistrering
Det vart hausta 100 tilfeldige eple frå hovudsorten i kvar av 3 ruter i kvar av 3 blokker per felt (totalt 900 eple per felt). I tillegg vart det hausta 20 eple frå sort nummer to i kvar av 5 ruter i dei same felta. Kvart eple kan ha fleire skadar, og alle skadar per eple vart registrert. Effekten av feromonforvirring kan vurderast både ut frå skade ved hausting og ut frå fangst i feromonfellene.
Tabell 5. Gjennomsnittleg (%) ± std skadde eple av epleviklar, ferske gnag av larver i epleskalet, eldre skade av larver i epleskalet og feilfrie eple i felt med feromonforvirring og i kontrollfelt på Austlandet. Tala er basert på % skade av 100 eple i kvar av 9 ruter og 20 eple frå kvar av 5 ruter per handsaming.
Skade |
Kontroll |
Isomat CLS |
Epleviklar |
25,43 ± 6,42 a |
3,79 ± 6,13 b |
Eldre larveskade i epleskalet |
15,86 ± 4,88 a |
13,07 ± 6,46 a |
Fersk larveskade i epleskalet |
11,93 ± 5,36 a |
3,50 ± 3,06 b |
Feilfrie eple |
50,43 ± 7,10 a |
71,50 ± 11,00 b |
Eplevikler og larver som klekkjer på sommaren er skaden betydeleg redusert. Eldre larveskade kan være av insekt som overvintrar som voksne eller kokong. Desse artane vil feromonforvirring ikkje påverke, sidan dei alt er klar til å angripe eplene. Antall feilfrie eple vart større når ein brukte feromonforvirring.
Vegen vidare
Feromonforvirring er eit alternativt tiltak mot epleviklar og andre viklarar. Både skade av epleviklar og fersk larveskade i epleskalet er lågare i feltet med feromonforvirring. Fellefangsten av vaksne hannar støtter opp om dette, det vart funne langt fleire viklarar av alle artar i kontrollfeltet. Det støttar opp om at handsaming og ikkje sort er årsak til forskjellar i skade. I norsk økologisk epleproduksjon er det i dag ikkje tilgjengeleg effektive tiltak mot sommarfugllarver. Bruk av feromonforvirring kan vere eit alternativt tiltak mot epleviklar og mot larver som gjer skade i fruktskalet. Vidare forsøk bør utførast i felt med like eplesortar.