Artikkelen er første gang publisert i Forsøksmelding Agder 2021.

Mineralgjødsel blir i all hovudsak spreidd med sentrifugalspreiar i dag. Ein sentrifugalspreiar har mogelegheit for større arbeidsbreidde og køyrefart samanlikna med pendelspreiarar, som var meir vanlege før.

Ein sentrifugalspreiar har ein behaldar for gjødsel over ei eller to spreieskiver med vingar oppå, som kaster gjødsla ut ved sentrifugalkraft. Spreiebilete på ein sentrifugalspreiar kjenneteiknast av at det kjem mest rett bak traktoren, og mindre ut på sidene. For å få riktig total mengde over heile linja er ein difor avhengig av ein viss overlapp mellom køyredraga.

Total spreiebreidde er ofte rundt det dobbelte av arbeidsbreidde. Dersom arbeidsbreidde er 12 meter, kastast gjødsla 12 meter ut til kvar side, altså ei spreiebreidde på 24 meter. Ved å køyre eit spor kvar 12 meter skal ein få eit jamt spreieresultat, jf. figur under.

Spreiebilde 12 m kunstgjodsel

Kva gjer ein så på ytterkanten av jordet og på vendeteigene?

Eit alternativ er å køyre vanleg spreiing langt i frå kanten. Da kastast lite gjødsel på utsida jordet, men ei får stor avlingsnedgang på kantsoner og på vendeteig.

Alternativ to er å køyre vanleg spreiing nærmare jordekanten. Mykje av gjødsla kastast då utanfor jordet, men ettersom den største mengda ender opp rett bak traktor, får ein ikkje like stort avlingstap.

Alternativ nummer tre er å investere i og køyre med kantspreiingsfunksjon på spreiaren. Det kjem enten som eit sjalusi ein feller ned framom kasteskiva, som tvinger gjødsla inn, eller ved å redusere/bytte rotasjon på spreieskiva som er nærmast kanten. Båe løysingane får ein berre litt gjødsel på utsida av jordet, men mesteparten av gjødsla på riktig stad, utan avlingstap på jordekanten. I bransjen er det kjent som økonomisk optimal kantspreiing.

I forsøket har me stilt inn spreiarane på dette. Alternativ maskininnstilling er miljøvenleg spreiing, der ingen gjødsel kjem på utsida av kanten, på bekostning av litt avlingstap heilt ytst.

Spreiing av mineralgjodsel pa utlagt forsoksfelt Rutene som ikkje skal ha gjodsel ved akkurat den innstillinga er dekka med presenning
Spreiing av mineralgjødsel på utlagt forsøksfelt. Rutene som ikkje skal ha gjødsel ved akkurat den innstillinga er dekka med presenning.
Gjodselfordelingsjekk
Gjødselfordeling sjekkast med målebakker med 1 meter mellomrom. Dei kvite pinnane til høgre i bilete indikerar fiktiv kant og senter for målinga, med bakka lengst unna midt under traktoren i det den passerer.

To felt med to gjentak kvar blei anlagt og gjødsla etter gjødslingsplan, med unntak av kontrollruter utan gjødsel. Feltene blei lagt langs jordekant, og rutene som ikkje skulle spreiast på med kvar enkelt innstilling vart dekka med presenning, jamfør bilete over.

Spreiebilete ved vanleg spreiing og kantspreiingssystem blei sjekka med målebakker ved ein fiktiv jordekant, der me samla opp og målte gjødselspreiing både inne på jordet og to meter utanfor jordekanten.

Rett før hausting blei det gjort notat om grassamansetjing og farge på graset. Ved hausting blei det hausta to striper i kvar forsøksrute, ei stripe 1 meter frå jordekant, og ei stripe 5 meter frå jordekant.

Avling blei veid, og det blei tatt ut tørkeprøve frå kvar haustestripe i kvar rute for å kunne rekne om råavling til kilo tørrstoff (TS). Dermed kunne me finne tørrstoffavling per dekar ved kvar enkelt behandling.

Resultat frå to forsøk i 2021 med ulike opplegg og innstillingar av mineralgjødselspreiarar mot jordekant.

Behandling

Gj.snitt 1m frå kant

Gj.snitt 5m frå kant

Gj.snitt 6 m kant kg TS/daa

Avlings-auke, kg TS/daa

Avlings-gevinst kr/daa *

Gjødsel utanfor, % av kg/daa

Gjødsel utanfor jordet kr/daa*

Netto betring kr/daa totalt*

Vanleg spreiing, full arbeidsbreidde (12 m) frå kant

262

377

320

0

0

0,3%

- 2 kr

0 basis

Vanleg spreiing, halv arbeidsbreidde (6 m) frå kant

434

469

452

+ 132

+ 309

17,4%

- 79 kr

+ 232

Med kantspreiing (6 m frå kant)

456

500

478

+ 158

+ 371

3,0%

- 14 kr

+ 359

Kontroll, ingen gjødsel

194

234

214

- 104

Statistikk: Avling gjennomsnitt 6 m kant: *** med 95%-konfidensintervall er ± 54,59 kg TS. Variasjonskoeffisient = 9,4%, altså er det lite feilvariasjon.

*Økonomisk effekt: 0,87 FEm per kg tørrstoff, verdi 1 FEm = 2,7 kr. Gjødsel: 60 kg 18-3-15 per dekar, à 7,59 kr/kg.

Vanleg spreiing med full arbeidsbredde (12 meter) frå kant gav 320 kg tørrstoff pr dekar og ubetydeleg mengde gjødsel utanfor jordekant. Denne gjødslinga gav statistisk sikkert meir avling enn ugjødsla, men statistisk sikkert mindre avling enn de andre innstillingane.

Vanleg spreiing halv arbeidsbreidde (6 meter) frå jordekant gav avlingsforbetring på 132 kg tørrstoff pr dekar, men med heile 17,4% av mineralgjødsla spreidd utanfor jordet heilt bortkasta og heller ikkje miljøvenleg forsvarleg.

Køyring 6 meter frå jordekant med kantspreiarfunksjon/ kantspreiaraggegat gav meiravling på 158 kg tørrstoff, eller 49% meiravling, samanlikna med normalinnstilling 12 meter frå kant, og svært lite mineralgjødsel utanfor jordekanten.

Det er ikkje statistisk sikker forskjell i avling mellom kantspreiing og vanleg spreiing halv arbeidsbredde frå kant, men som vist i tabellen over, kjem spreiing med kantspreiarutstyr klart betre ut med tendens til betre avling, med svært lite verditap i gjødsel tapt/spreidd utanfor jordet.

Maskin med kantspreiarfunksjon kostar 10 000-15 000 kr meir enn vanleg spreiar, men med så store økonomiske gevinstar av kantspreiarfunksjon er det svært lønsamt sjølv på små garder. På gard med bare 42 dekar eng er investeringa i kantspreiar tent fullstendig inn igjen på berre ein sesong og gevinstane er svært store på større garder.

Forsøksdata

Feltvert

Jordart

Vekst

Gjødsling

Gjødsling dato

Hausta

Knut Erik Paulsen

Siltig mellom-sand

Andre års eng

60 + 24 kg 18-3-15

28.04 + 01.07

15.06 + 23.08

Knut Sigurd Haugå

Siltig mellom-sand

Første års eng

84kg 18-3-15

28.04

15.06