Grovfôr er den viktigaste innsatsfaktoren i storfe- og småfehaldet i Agder, som i resten av landet. Dyra skal ha ei viss mengde grovfôr kvar dag.Grovfôret skal dekke fleire funksjonar, det skal til dømes gje næring, vitamin og mineral, halde vomma i gang osv. Tilstrekkeleg mengde grovfôr av god kvalitet er viktig for å oppnå god økonomi i husdyrproduksjon. Innan mjølkeproduksjonen har auken i avdrått stort sett kome som fylgje av auka bruk av kraftfôr dei siste åra. Også innan sauehald vil grovfôr av god kvalitet være viktig for å oppnå gode resultat.

Stort potensiale

Det er sett i gang fleire prosjekt der fokuset er retta mot grovfôrdyrking. Grovfôravlinga har auka lite dei siste 20 åra, samstundes som kravet til effektivitet og tal dyr har auka for bonden. Det er potensial for å auke grovfôrmengde og -kvalitet både i Agder og i landet! "Grovfôr 2020" er eit nasjonalt prosjekt der det blir rekna kostnader/økonomi i grovfôrdyrkinga på bruka som deltar. Fleire bruk i Agder er med i "Grovfôr 2020". NLR Agder har eit prosjekt som heiter "Meir og betre grovfôr i Agder". For dette prosjektet er utrekning av økonomi på den einskilde gard viktig å få utført. Erfaringane så langt viser at det er store variasjonar i grovfôrkostnadene frå bruk til bruk. Å kome med råd som "alle" kan ha nytte av er derfor berre til ein viss grad mogleg. Noko kan vi likevel med sikkerheit seie gjeld alle bruk:

God agronomi

God agronomi må ligge i botnen for grovfôrdyrkinga. Med god agronomi tenker vi på mange tilhøve, til dømes:

  • godt drenert jord
  • ugras under kontroll
  • jorda har god pH (5,5-6,5)
  • tett nok plantedekke av engplanter
  • gjødsle etter gjødslingsplan

Er ikkje dei grunnleggande forutsetningane med god agronomi til stades, er det liten vits i å kompensere med andre innsatsfaktorar. Er det mykje ugras i enga vil det vere ulønsamt å gjødsle ekstra for å oppnå høgare avling sidan ugras vil fortrenge dei vekstane i enga som vi ynsker. Ugraset vil ikkje gje den avlingsmengd eller -kvalitet som til dømes ei engfrøblanding kan gje.

Husdyrgjødsel

Utkøyring av husdyrgjødsel bør skje så tidleg som råd. Vi skal sjølvsagt ikkje køyre så tidleg at vekstsesongen ikkje er i gang (hugs regelverket: det er ikkje lov å spreie husdyrgjødsel før 15. februar og på frosen/snødekt mark). Tidleg spreiing av husdyrgjødsel gir betre utnytting av gjødsla. Vi bør og bruke husdyrgjødsla om våren og etter 1. slått. Bruk av husdyrgjødsla på ettersommaren og hausten gjev dårlegare utnytting av gjødsla med fare for tap av næringsstoff.

Maskiner

Kostnadene til maskin varierer mykje frå bruk til bruk. Kostbare maskiner med lita brukstid aukar kostnaden i grovfôrdyrkinga. Mange ynsker gjerne å ha effektive maskiner for å kunne gjere arbeidet unna når vær og tilhøva elles er laglege. Samarbeid om maskiner er den mest vanlege måten å redusere kostnad på og likevel kunne ha ein effektiv maskinpark. Er dette vanskeleg å få til bør ein vurdere om innleige av tenester frå maskinentreprenør vert rimelegare og like tenleg som å eige maskinene sjølv.

Avstand frå fjøs til jord

Avstand mellom fjøs og jord betyr ein del for kostnadene i grovfôrdyrkinga. Kostnaden aukar naturleg nok jo lengre det er mellom fjøs og jord. Det er ei grense for kor langt det er lønsamt å køyre fôr og husdyrgjødsel. Vi reknar til dømes med at om våren kan vi køyre 1 km for kvar kubikkmeter vogn vi har for transport av husdyrgjødsel. Det er då slik at har vi ei 6 kubikkmeters vogn er det lønsamt å køyre husdyrgjødsla inntil 6 km.

Andre faktorar

Det er mange andre faktorar som har påverknad på grovfôrkostnaden. Døme på dette er val av frøblanding/plantesamansetning i enga, behov og tilgang til vatning med meir. Denne lista kan gjerast lang! Vi kjem attende til dette når vi har fått endå betre data på dette gjennom prosjekta vi arbeider med.