Stell av beita

Optimalt lar ein beita få eit års pause fordi egg og parasittar overvintrar. Dette er sjeldan aktuelt i praksis. Hyppig beiterullering, større areal med færre sauar førebyggjar smittepress frå parasittar. Vekselbeiting med kyr og hest eller jamnleg maskinell beitepussing er førebyggjande med tanke på smitte.

Vi har stort sett tre parasitttypar som plagar sauene/lamma på våre beiter:

  1. Rundorm – symptom er diare, avmagring
  2. Haemonchus – løpeorm. Gir vasspose under kjeven. Anemi og leddinfeksjon i ledda hos lam. Immunsvikt.
  3. Koksidiose – svart bak. Blod i avføringa på lamma. Behandling med 5 ml Baycox, Vecoxan eller Chanox er likestilte. Forsøk viser at det er like god effekt av behandling av lamma ved beiteslepp som etter 7 dagar på beite før behandling.
  4. Bendelorm – førekjem, men ein treng som regel ikkje behandle mot denne.
  5. Leverikter – er eit lite problem i innlandet, meir ved kysten. Ein må etterspørje førekomst hos kjøtkontrollen når ein slaktar sau om hausten. Beste behandlingstidspunkt er om vinteren.

Behandling mot utvortes parasittar:

  • Coopersect liniment pour-on. Dose er 5 ml frå manke til halerot. Skill ulla først og unngå å bruke preparatet før sauen skal ut i regn. Noko verketid er nødvendig for å tekkje inn i huda. Gir vern mot pelslus, flått og spyfluger i opptil 4 veker.

Ein må hugse at alle parasittmiddel har tilbakehald av slakt. Dette står under produktinformasjonen på flaskene/medisinen.

Snyltarmiddel - Generelle råd som er viktige å merke seg er ved behandling mot rundorm og Haemonchus:

  • Rett lagring av parasittmiddel frå året før (kjølig, mørkt)
  • Gi rett mengde/dose etter vekt. Ta eit utvalg av 4-.5 søyer og lam og veg dei før medisinering. Bruk doseringstabellen på legemiddelet.
  • Bruk eit parasittmiddel i to år. Sjokk parasitten ved å bytte til eit nytt middel dei to neste åra
    • Berre 2 stoffgrupper å velgje mellom:
      • Gruppe 1: Ivomec/dectomax (tar også utvortes parasitter)
      • Gruppe 2: Panacur, Valbazen, Banminth, Exhelm
    • Ved heimebeiting må du bytte på stoffgruppene i sesongen.
    • Forsikre deg om at lam/søyer svelgjer medisinen.
    • Forsikre deg om at doseringssprøyta fungerer og gir rett dose.
    • La sauer og lam stå utan grovfor i nokre timar før behandling! Tom tarm gir betre effekt av medisin i mage-tarm.

Alltid: Før snylterbehandlinga bør ein ta avføringsprøver frå 4-5 søyer (5 gram fersk avføring) i ulik alder og i ulikt hald. Slik veit ein kva for parasittar ein har i beitet/på garden og kva ein skal behandle mot. Ein får også kunnskap om evt. resistensutvikling mot parasittmiddel.

Vanleg praksis er å:

  • Behandle alle sauar og lam ved vårslepp.
  • Lamma må ein behandle mot koksidiose som nemnt tidlegare i artikkelen.
  • Lamma må dessutan behandlast ein til to gonger til etter beitesleppet mot rundorm/haemonchus. Ta avføringsprøver (2-3 lam, 5 gram fersk avføring) for å sjå behovet.
  • Ein må behandle alle dyr før heieslepp for å unngå at dei drar med seg parasittar til fjells og smitter ut fjellbeitet og overfører parasittar til andre flokkar.
  • Ved heimebeiting heile sommaren må lamma og enkelte søyer (ved teikn på avmagring/pose under kjeven) behandles så hyppig som kvar 3. – 5. veke.
  • Ved innsett på hausten kan det vere aktuelt å behandle sauene mot parasittar, men ta først avføringsprøver for å sjekke om det er nødvendig.

Forfattar: Olav Robstad, veterinær

AVFØRINGSPRØVER SENDER EIN TIL