I mange år har NLR Rogaland tatt ut bladanalyser av beitegras. Etter ein systematisk gjennomgang ser vi at det er lite Natrium i beitegraset når vi kjem litt innover frå kysten. Natrium er ikkje viktig for sjølve grasplanta, men kan vere med å sette god smak til graset.

I New Zealand testa dei på 1980-talet å gjødsle beitene med litt salt i håp om at dette kunne auke smaken på graset. Dei fant spennande resultat. Med bruk av så lite som 5-10 kg salt / daa fann dei at natriuminnhaldet i graset auka såpass at det gav positiv utslag på smaken på graset utan at det gav sviskader. Auka innhald av Natrium gav tydeleg betre avbeiting av beitegraset. Men det viste seg òg at effekten var mindre dersom dyra hadde tilgang på saltslikkestein.

Forsok beiting salt
Bilde frå forsøk i New Zealand på 80-tallet. Områder som har fått tilført salt er teikna inn etter at bildet er tatt.

Effekt ved ulik dosering:

5 kg / daa: Framleis effekt etter 6 veker. Liten/ingen effekt etter 30 veker

10 kg salt / daa: Stor effekt etter 6 veker. Framleis effekt etter 30 veker

20 kg salt/daa: Forbigåande sviskader etter gjødsling. Elles likt innhald i graset som ved 10 kg/ Daa.

Dette har, så langt NLR Rogaland kjenner til, ikkje vert prøvd i Noreg før. Me er intresserte i å komme i kontakt med beiteintresserte garbrukarar som vil prøve dette under norske forhold. Ta kontakt!