Har du godt med areal i høve til antal dyr kan du greie deg utan å gjødsle, da vil dyra beit på dei beste plantene/ plantedelane og få nok og næringsrikt gras.

Om du gjødsler eller ikkje, så vil det å sleppe på fleire dyr over kort tid vere best, nok både for graset og for dyra. Kvar plante vert da beite berre ein gong og vi unngår snaugnaging. Plantene vil da klarar seg betre enn om dei vert beita mange gonger. Dyra beitar på høgare planter og kjem ikkje i den grad i kontakt med jord mm.


Gjødsling

Har du berre akkurat med areal i høve dyra, vil det løne seg å gjødsel på enga/ beite så tidleg som rådd om våren for å auke mengda beitegras. Vi tilrår å dele vårgjødslinga i om lag to delar der ein skal beite. Det er ingen fare å gjødsle med handelsgjødsel der det går dyr, dei et det ikkje. (Men ein skal sjølvsagt unngå å søle ut haugar, det kan bli interessant for lam å prøve seg på.) Tidleg vårgjødsling med spesielt fosfor og svovel som er lite bevegelse i kald jord, vil gjere at plantene kjem raskt i gang. Handelsgjødsla er lett oppløyseleg i jordveska og kjem plantene rast til nytte. I Fullgjødsel er det om lag 1:1 av nitrogenet som ammonium (MH4+) og nitrat (NO3-). Nitratet er lett bevegeleg i jord og direkte plantetilgjengeleg, så den delen kjem plantene til gode like raskt som kalksalpeter gjer. Delen med ammonium bind seg til jorda og jordmikrobane må omdanne det til nitrat før plantane får tak i det litt etter kvart. Vi vil derfor anbefale fullgjødsel på våren, kanskje med unntak av ny eng, (sjå gjødslingsplana di.)

Med å gjødsle så tidleg før graset er skikkeleg i gang, vil ein få eit lite nitrogentap til lufta. Men dette tapet er lite i høve det ein har att for eit godt vårbeite. Vi har hatt forsøk der dette vart testa, og fann at det var svert liten skilnad i avling der det var gjødsla først på mai, kontra midt på mai, når vi høsta alt rundt St.Hans.

Så får vi håpe på godver i lang tid framover !