For å få ein gunstig plantesamansetnad på beita og for å utnytte gjødsla på best mogeleg måte, så er det viktig å kalke beita til høveleg nivå. Det har etter kvart blitt bygt mange vegar i beita i Rogaland, og det gjer kalkinga lettare å gjennomføre. Det er også tilbod om kalking frå helikopter annankvart år, og gjennom åra er det mange som har fått kalka brattlendte beite på denne måten.

Helikpopterkalking 1 Foto Asbjorn Ramsli

Vegane på kulturbeita gjer at mange kjem til med gjødselvogn og kanon, og det er mykje kulturbeite som er godkjent som spreieareal. Dermed kan store beiteareal gjødslast med husdyrgjødsel tidleg om våren. Når dei små grøne spirene har fått tilført næring og er godt i gang med veksten, så er det tid for beiteslepp. Det er god ressursutnytting å bruke den «kortreiste» husdyrgjødsla på kulturbeita om våren. Ofte er det praktisk å køyre ut den tynne delen av husdyrgjødsla om våren før omrøring, eller ein kan bruke ei tynn, vassblanda gjødsel.

Ein kunst

Gjødsling av kulturbeite er ein kunst. Mange faktorar spelar inn, både tidspunkt for vekststart, temperatur og nedbør og like eins tid for beiteslepp, dyreslag og dyretal gjennom sesongen, plantesamansetnad, innslag av kløver, avlingspotensialet m.m. Difor kan optimal gjødsling variere frå beite til beite og frå år til år på det same bruket.

Jordanalysetalla er eit godt utgangspunkt når ein skal planleggje gjødslinga på beita. I tillegg er det nyttig å sjå på analysetall for beitegraset dersom ein har det. Men ikkje minst viktig er bonden sine eigne erfaringar med tidlegare års gjødsling og behovet for beite gjennom sesongen i forhold til dei beitedyra ein har.

Godt kulturbeite Foto Magnus Haugland
Godsaker: Ungt gras på vårbeite er proteinrikt og har høg fôreiningskonsentrasjon. Foto: Magnus Haugland

God start

Der ein kan gjødsle med husdyrgjødsel på beite tidleg om våren er det ei god startgjødsling. På denne årstida er det stor vekstkraft i plantene frå naturen si side. Husdyrgjødsla inneheld moderat med nitrogen, har lang verknadstid og gjev ein gradvis tilvekst som er gunstig for å unngå overvaksing. På kløverrike beite i god tilstand kan dette vere nok gjødsling for å gje god avling heile sesongen.

På mange beite må husdyrgjødsla om våren supplerast med andre gjødseltyper når veksten har kome godt i gang. Kva type gjødsel ein supplerer med, og kva gjødselmengde ein skal tilføre, er avhengig av næringstilstanden i jorda, behovet til plantene og behovet for beite. I tillegg er det avhengig av kva type husdyrgjødsel som er brukt og mengde pr dekar. På ein del beite kan eit N-gjødselslag høve som tilleggsgjødsel. Andre stader kan NK-gjødsel eller NPK-gjødsel vere mest høveleg.

Kva gjødseltype?

På beite der ein ikkje gjødslar med husdyrgjødsel er NPK-gjødsel (Fullgjødsel) eller Helgjødsel mest aktuell om våren, evt NK-gjødsel dersom fosfortilstanden i jorda er god.

Helgjødsla inneheld om lag 50% tørka hønsegjødsel og har difor ein del av husdyrgjødsla sin gradvise verknad samanlikna med mineralgjødsel som virkar raskare. Helgjødsla er tilsett selen, kobolt eller kopar. På nokre beite passar Helgjødsla godt om våren medan ein på andre beite har stort behov for rask vekst og mykje beite og treng ei gjødsel som virkar raskare.

Forsøk i Bjerkreim

I 2016 vart det utført ei enkel avlingsregistrering på eit beite i Bjerkreim der ein samanlikna vårgjødsling med Fullgjødsel 18-3-15 og Helgjødsel 18-1-10. På forsøksfelta vart det berre gjødsla om våren slik at seinare gjødsling verka ikkje forstyrrande inn på resultatet. Avlinga vart registrert kvar femte veke gjennom heile beitesesongen frå 2. juni til 19. oktober. Figur 1 viser korleis avlinga fordelte seg %-vis gjennom sesongen i forhold til totalavlinga (= 100%). Helgjødsla gav forholdsvis mindre avling i starten av beitesesongen medan den gav høgare avling enn fullgjødsla utover hausten.

Tallmaterialet er lite, men det viser likevel tydeleg skilnaden mellom dei to gjødselslaga.

Mange analyseresultat frå beiteprøver i Rogaland viser at ein særleg finn avvik frå ynskjeleg nivå for minerala selen, kobolt, kopar og molybden. Dette er også moment ein må ha med seg når ein skal planleggje vårgjødslinga på kulturbeita.

Graf beiteforsok Bjerkreim 2016
Prosentvis fordeling av beiteavlinga gjennom sesongen ved vårgjødsling med Helgjødsel 18-1-10 og Fullgjødsel 18-3-15.