Tidlegare har me i hovudsak vurdert husdyrgjødsel som ei god fosfor og kalium kjelde. Med auka mineralgjødselprisar har også nitrogenet frå husdyrgjødsla, og tiltak for å redusere ammoniakk tapet frå husdyrgjødsel fått auka interesse. Kva tiltak er aktuelle, og kor mykje kan ein investere i husdyrgjødsel utstyr og tiltak på eigen gard?

Det er i hovudsak 3 tiltak som er aktuelle for å få meir ut av husdyrgjødsla:

  • Tilsette meir vatn i husdyrgjødsla
  • Bytte frå fanespreiar til å investere i stripespreiar
  • Omfordele husdyrgjødsla til skifter som får betre nytte av den.

Føresetnader

Mange husdyrgardar kjem i 2023 sesongen truleg til å gjødsle mykje med NPK 27-2-4 og eg har lagt det til grunn i kalkyla. Prisen for denne mineralgjødsla er kr 9,36 per kg (FK-pris frå 1. oktober i år). Det er lagt til grunn 2+2 tonn husdyrgjødsel pr daa. Det er lagt inn Storfe/sauemøkk med 6% tørrstoff med NH3 tap på 60% når det nyttast fanespreiar. Spreiekostnader på 64 kr/tonn(Grovfôrøkonomi Telebu 2022), 20 års levetid på investert utstyr, 4% rente. Marginalkostanden på husdyrgjødselspreiinga er lagt inn med «m3» pris på spreiing ved innleige av slepeslangar. Tilskot slepeslangar 50kr/daa, og stripespreiar 20 kr/daa.

Tabell 1 Syner Brutto og netto verdien av husdyrgjødsla. Brutto verdien er forskjellen mellom mineralgjødsel kostnad med og utan bruk av husdyrgjødsel på garden delt på mengde m3 møkk til disposisjon. Nettoverdien er Bruttoverdien minus kostnader til opprøring, lasting, transport og spreiing. Nettoverdien inkl. miljøtilskot er lagt inn i parentes

Husdyrgjødselverdi

Bruttoverdi

Kr/tonn

Nettoverdi =

(Bruttoverdi -

spredekostnad + tilskot)

Kr/tonn

Storfe/sauemøkk 6% tørrstoff med 60% NH3 tap

116

52

Fane vs stripe (NH3 tap redusert frå 60->30%)

18

18(23)

Stripe vs eksta vasstilsetting (same NH3 tap)* utan tilskot

18

-7

Stripe vs eksta vasstilsetting (same NH3 tap)* inkl tilskot

23

-2

Stripe +slepeslange inkl tilskot

18

35,5

Stripe + slepeslange + dobbel vatn

23

15,5

*Spreiekostnad leigd spreiing 25 kr/m3

Møk mot mineralgjødsel?

Blautmøkk mot mineralgjødsel har eit bytteforhold med dagens prisar på om lag 116 kr/tonn i snitt på dømebruket. Legg me til grunn ein median spreiekostnad på norske gardar på 64 kr/tonn(Grovfôrøkonomi TELEBU 2022) ser me at nettoverdien på å bruke husdyrgjødsla er på 52 kr / tonn rett i lomma til bonden. Dette tilsvara ein gevinst på 1,10 kr /fem i snitt for gjennomsnittsbonden i Buskerud/Telemark. Alle bønder i vårt område bør greie å ta ut noko av denne gevinsten, og nokon er også svært dyktige på det området. God planlegging på bruken av husdyrgjødsla i forbindelse med gjødselplanen er inngangsporten for å greie det. Drøft derfor bruken og optimalisering av gjødsla når du legg gjødslingsplanen for garden.

Slepeslange

Investere i stripespreiar?

Neste steg kan vere å bruke stripespreiar. Me legg då til grunn at bonden i dag allereie nyttar husdyrgjødsel på jordet, og at endringa fører til meirkostnad på investert utstyr. I kalkyla legg me opp til at ammoniakk-tapet (NH3) vert redusert frå om lag 60% tap til om lag 30% tap ved å gå frå fanespreiar til stripespreiar.

Det er rett nok usikkerheit rundt kor stort NH3 tapet er mellom ulike spreiemetodar. Er bonden flink til å treffe optimalt spreietidspunkt med eksisterande fanespreiar er det mindre gevinstar å hente, og motsett. Med 30% mindre ammoniakktap frå stripespreiar utgjer det om lag 18 kr/tonn i gevinst ved å nytte stripespreiar. Stripespreiaren får miljøtilskot på 20 kr/daa der den er brukt. Dette tilsvara 5kr/m3 i vårt eksempel.

Tabell 2: Maks investeringsbeløp du kan investere pr m3 møkk i stripespreiarutstyr med og utan miljøtilskot.

Maks investeringsbeløp pr m3 møkk

Verdi møkka

(kr/m3)

Rente

Levetid utstyr

245

18

4%

20 år

210

18

6%

20 år

180

18

8%

20 år

313

23

4%

20 år

264

23

6%

20 år

226

23

8%

20 år


Tabell 3: Syner m3 møkk årleg som trengs for å forsvare investering i stripespreiar med ein årleg netto husdyrgjødselverdi på 18 og 23kr/tonn

Investering

Husdyrgjødselverdi

Kr/tonn

Rente

100 000 kr

200 000 kr

300 000 kr

400 000 kr

500 000 kr

18

4%

409

818

1226

1635

2044

18

6%

475

950

1425

1937

2422

18

8%

555

1110

1665

2263

2929

23

4%

320

640

960

1280

1600

23

6%

379

758

1337

1516

1895

23

8%

443

886

1329

1771

2214

Tilsetje meir vatn?

I staden for å investere i stripespreiar kan det vere aktuelt å tilsette meir vatn i møkka.

For å redusere ammoniakktapet med 10% poeng må tørrstoffinnhaldet reduserast med 1% poeng i følgje faglitteraturen. Det betyr at vassinnhaldet må doblast slik at tørrstoffet vert redusert frå 6 til 3 prosent. Marknadsprisane på leigd spreiing av møkk ligg på rundt kr 25 per tonn med slepeslangespreiar og eg har valt å nytte den prisen som marginalkostnaden ved å spreie «ekstra lass med møkk» pga. vasstilsetjing. Sjølv med den relativt låge spreiekostnaden er vasstilsetjinga eit tapsprosjekt. Ikkje eingong fullt miljøtilskot veg opp for kostnaden med å spreie dobbelt så mange tonn. Bruker du gjødselvogn er spreiekostnaden større og reknestykkja vert endå verre. Kostnadane med spreiing er større enn gjødselgevinsten. Det bør derfor ikkje vere meir vatn i møkka enn det som er naudsynt for å handtere og spreie møkka på ein god måte. Lukkast du i dag med møkkhandteringa, bør du ikkje auke vasstilsetjinga ytterlegare.

Lurer du på kor mykje du kan investere i møkk utstyr?

Tak kontakt, så hjelper me deg😊