Nokre bruk treng mykje og tidleg vårbeite før dyra blir sendt på heia, og deretter blir beitetrykket lite. Andre har færre dyr, eller mykje beite, og må prøve og unngå overvaksing. Atter andre treng mykje beite gjennom heile sesongen. I tillegg spelar vekstforholda det enkelte år ei viktig rolle. Det same gjer tilgangen på husdyrgjødsel, og om det er godkjent spreieareal og mogeleg å spreie husdyrgjødsel på beita. Innslaget av kløver og gode og yterike beiteartar og kalktilstanden i jorda er også avgjerande for gjødselbehovet.

Det som er høveleg beitegjødsling på ein gard eller eitt beite det eine året treng ikkje vere det rette neste år. Det er difor med rette sagt at gjødsling av kulturbeite er ein kunst, der eiga erfaring spelar ei avgjerande rolle.

Stor vekstkraft i sma beiteplanter Foto B Harstad
Om våren er det stor vekstkraft i dei små beiteplantene frå naturen si side. Foto: B. Harstad

Tidleg vår og god beiteavling

Det var utover i mars i år hevdalukt å kjenne mange stader rundt om i Rogaland. Uvanleg høge dagtemperaturar, laglege køyreforhold og byrjande grønfarge også i beita fekk fart på utkøyringa av husdyrgjødsel på mange kulturbeite.

Ein tidleg vekststart på beita er avgjerande for å få ei stor beiteavling.

Blir det gode vekstforhold utover i sesongen, og ein unngår skade av stankelbein, tørke etc, så vil eit år med tidleg vekststart gje ei stor total beiteavling samanlikna med eit år med sein, kald vår.

I 2013 og 2014 vart avlinga registrert kvar femte veke gjennom beitesesongen på to kulturbeite i Dalane. Dette var to svært ulike år vermessig. Våren 2013 kom veksten seint i gang etter ein hard vinter med mykje vinterskada eng. Året etterpå, i 2014, var det rekordtidleg vekststart om våren etter ein mild og nedbørrik vinter.

Tabell 1. Avlinga i fôreiningar pr dekar effektivt beite (fråtrekt stein etc.) gjennom beitesesongen 2013 og 2014. Gjennomsnitt for to kulturbeite i Dalane. Sveip for å sjå heile tabellen.

ÅR/DATO

3. juni

8. juli

10.august

16. sept.

22. okt.

SUM i året

2013

41

169

119

154

41

524

2014

261

215

198

129

69

872

I 2013 utgjorde beiteveksten frå våren og til 3. juni berre 8% av totalavlinga det året, og var like liten som veksten seinhaustes i oktober. Året etterpå utgjorde beiteveksten i same periode om våren 30% av totalavlinga det året. Beiteavlinga om våren var altså 6-7 gonger større i 2014 enn i 2013!

Husdyrgjodselspreiing kanon Gjesdal 2012 2 1

Jamn næringstilførsel med husdyrgjødsel

Husdyrgjødsel på beite er ein kortreist gjødselressurs. Særleg i desse tider med høge prisar på mineralgjødsel er det verdifullt å kunne bruke husdyrgjødsel på beita. Den inneheld moderat med nitrogen og gjev jamn og god næringstilførsel til beiteplantene over tid. Om våren er det stor vekstkraft i dei små beiteplantene frå naturen si side. Med husdyrgjødsel i tillegg er det ei god startgjødsling. På mange beite er husdyrgjødsla nok gjødsling utover i sesongen, kanskje supplert med nitrogengjødsel eller fullgjødsel, avhengig av korleis næringsbehovet er.

Eit alternativ til husdyrgjødsel om våren, dersom ein ikkje treng raskt mykje vårbeite, er å bruke Helgjødsel. Den inneheld ca 50% hønsegjødsel og har dermed ein del av husdyrgjødsla sine eigenskapar med meir langsiktig verknad.

I ei registrering på kulturbeite i Bjerkreim i 2016 vart vårgjødsling med Helgjødsel 18-1-10 samanlikna med fullgjødsel 18-3-15. Det vart berre gjødsla om våren slik at seinare gjødsling ikkje påverka resultatet. Avlinga vart registrert kvar femte veke gjennom heile beitesesongen frå 2. juni til 19. oktober.

Tabell 2. Prosentfordeling av tørrstoffavlinga gjennom beitesesongen, i forhold til totalavlinga. Vårgjødsling med Helgjødsel 18-1-10 eller fullgjødsel 18-3-15 på kulturbeite i Bjerkreim i 2016. Sveip for å sjå heile tabellen.

LEDD

2. juni

7. juli

11. august

16. sept.

19. okt.

SUM

18-1-10

16

25

29

23

7

100

18-3-15

25

26

28

16

5

100

Helgjødsla gav forholdsvis mindre avling i starten av beitesesongen, men gav høgare avling enn fullgjødsla utover hausten.

Gjødsle ofte og lite kvar gong

På mange beite blir det berre brukt mineralgjødsel. Fullgjødsel 22-2-12, 22-3-10 eller 18-3-15 er døme på aktuelle gjødselslag om våren. Seinare i sesongen kan gjødselslag med mindre kalium, eller berre nitrogengjødsel vere aktuelt. Kva ein skal gjødsle med er m.a. avhengig av kva jordanalysene viser og forventa beiteavling.
Ved å fordele gjødslinga på fleire gonger utover i sesongen, og med mindre mengde kvar gong, så er det lettare å styre beiteveksten. Dermed reduserer ein faren for overvaksing, og mineralgjødsla blir utnytta på ein betre måte.

Husdyrgjødsel og kløver - gull verdt

På gode kulturbeite med bra kløverinnslag kan gjødsling med husdyrgjødsel, saman med den gjødsla som beitedyra legg i frå seg, gje gode beiteavlingar utan tilførsel av mineralgjødsel. Ein føresetnad for å få til det er at det er god kalktilstand i jorda, gode bestand av verdifulle beiteplanter som rapp og/eller fleirårig raigras, og godt innslag av kløver som trivst og har gode vekseforhold og dermed gode forhold for nitrogenfiksering.

I perioden 2010-2012 vart det i prosjektet «kløver som nitrogenkjelde i kulturbeite» registrert avlingar på kulturbeite i Dalane der det berre vart gjødsla med husdyrgjødsel. Ein samanlikna med avlingar frå beite gjødsla med både mineralgjødsel og husdyrgjødsel.

Eit beite med pH ca 6,0 med 25-30% kvitkløverdekking og 30% rapp og 30% kvein vart gjødsla med husdyrgjødsel om våren. Det var den einaste gjødslinga i sesongen utanom den gjødsla som beitedyra la ifrå seg. Der var bra beitetrykk gjennom heile sesongen, og avlinga vart registrert kvar 5. veke frå byrjinga av juni til slutten av oktober.

Gjennomsnittsavlinga pr år i 2010-2012 var 610 FEm pr dekar effektivt beite (fråtrekt stein etc.), med årsvariasjon frå 530 FEm/daa til 660 FEm/daa. Denne avlinga var, i gjennomsnitt for dei 3 åra, 75-80% av avlinga på beita som vart gjødsla med både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Det var særleg litt utpå sommaren at det var minst avlingsskilnad mellom beite med og utan bruk av mineralgjødsel. Ei forklaring på det kan vere at den biologiske nitrogenfikseringa i rotknollane på kløverplantene er avhengig av bra jordtemperatur og gode jord- og vekseforhold. Om våren og føresommaren i to av dei tre forsøksåra var det størst beiteavling der det var gjødsla med både mineralgjødsel og husdyrgjødsel.

Kulturbeite med mykje kvitklover og rapp Foto B Harstad
Kulturbeite med mykje kvitkløver og rapp har stort avlingspotensiale. Foto: B. Harstad