Vurderer du attlegg i haust?

Generelt erfarer me at haustattlegg er forbunde med ein viss risiko. Spesielt i områder med mykje nedbør på hausten, områder med dårleg drenering eller areal med mykje helling (fare for renningar ved haustnedbør.) Me ser òg at dess seniare ein sår attlegget, dess større risiko for at det går gale. Men ved gode forhold, og godt drenert jord, og ein varm og god haust kan du oppnå eit godt attlegg med full avling på neste års 1.slått.

Difor: Ønsker du å laga attlegg i haust, ikkje vent lenger enn naudsynt.

Å rekka både 3 slåttar + bekjempa kveka + så i nytt attlegg, krev godt vêr og ein tidleg 3.slått. Det er tryggare å sløyfa 3. slått for å ha tid til å gjera arbeidet skikkeleg når ein først er i gang. Kveka er enklare å ta nå enn ved sein haustbrakking. Den tar nemleg vinterferie litt før kulturgraset.

Moment å ha med seg til deg som vurderer haustgjenlegg:

  • Brakking når kveka har fått min 4 blad
  • Vent 4-7 dagar før du pløyer
  • Frøa bør vera i jorda i løpet av august for å etablera seg ordentleg før vinteren.
  • Kløver og strandsvingel etablerer seg dårleg ved sein såing. Dei bør i jorda tidleg i august.
  • Tromle før og etter såing.
  • Ugrassprøyting på hausten setter attlegget tilbake og gir dårlegare overvintring. Dette bør unngås dersom det er mulig. Er det mykje ugras må ein velge det minste av to vonder. Det er òg mogleg å sprøyte tidleg neste vår.

Dekkvekst i haustattlegget?

Dekkvekst ved haustgjennlegg er ikkje vanleg. Det er likevel nokon som ønsker dette. Det kan vere for å binde jorda raskare, eller for å auke avlinga. Det vanlegaste er å bruke rug, men det er òg mulig å bruke haustkveite.

Rug etablerer seg svært raskt, og starter veksten svært tidleg neste år. Dersom ein sår den for tjukt risikerer ein at den blir for dominerande og utkonkurrerer graset. Det er derfor ikkje tilrådd å så meir enn 4 kg/daa. Rugen skyt veldig tidleg neste år, og den vil normalt vere klar for hausting mellom 25. april og 15 mai. På grunn av den aggressive veksten er det mest aktuelt å så rug i kombinasjon med fleirårig raigras.

Haustkveite vil normalt skyte fyrste veka i juni, og er dermed meir synkron med ein ordinær 1. slått. Den er også meir lysopen enn rug og vil sleppe ned meir lys til graset. Det er likevel lurt å vere forsiktig med såmengden for å vere sikker på at det vert nok lys til gjenlegget.

Eit tiltak for å sikre nok lys til graset kan vere å auke radavstanden på dekkveksten. Det kan mellom anna gjerast ved å blende annakvar sålabb. Hugs at kornet skal djupare i jorda enn grasføet. Det kan difor vere lurt å så kornet fyrst, deretter tromle før ein sår grasfrøet.

Direktesåing på hausten?

I forsøk med direktesåing har me sett at ein får godt tilslag med direktesåing òg etter 2. slåtten. Tilslaget er likevel ikkje like godt som dersom ein sår på våren, men du får glede av raigraset tidlegare. Suksesskriteria er dei samme som før: Frøet treng kontakt med jord for å spire, og det er berre ulike former for raigras som er aktuelt.