UTSJÅNAD

Ein vaksen hønsegrasplante er 30-100 cm høg og har ei pålerot. VANLEG HØNSEGRAS. Stengelen er opprett mot toppen og oppsvulma ved leddknutane. Stengelen er grøn ved grunnen og meir eller mindre raudleg oppover. Planten har kortstilka, lansettforma blad med heile kantar. Blada er snaue på oversida og innimellom ullhåra på undersida, og har ofte ein mørk flekk nær midten. Bladslira har lange, tydelege hår i kanten. Dei kvite eller lyseraude blomstrane sit i tette, bladlause aks på udekte skaft.

RAUDT HØNSEGRAS

Opprett stengel, oppsvulma ved leddknutane, ofte sterkt greina, grøn med raudleg fargetone og mørkare flekkar. Blada er kortstilka, som regel snaue, lansettforma og heile i kanten. Bladslira er som regel snau og berre den øvste med korte hår i kanten. Grønkvite, sjeldan lyseraude blomstrar som sit i tette, bladlause aks.

LEVEVIS

Sommareittårig plante som føretrekkjer svakt sur, næringsrik myrjord og lett mineraljord, rik på organisk materiale. Førekjem på dyrka mark, langs vegkantar,
ved vatn osv. Hønsegras er eit frøugras og formeirar seg berre med frø. Etter blomstring i juni-september dannar kvar plante rundt 200-800 frø. Frøa overvintrar og spirer godt frå grunn djupne neste vår.

TILTAK MOT HØNSEGRAS

Det er viktig å hindre frøspreiing. Unngå jordpakking og køyreskadar og legg vekt på systematisk grøfting og god drenering. Sørg for at pH i jorda er høg nok. Optimal pH vil også vere avhengig av jordarten. I korndyrkinga er ugrasharving og/eller radreinsking, utført på rett tid og rett måte, eit effektivt tiltak
mot frøugras.

Raud og vanleg honsegras
T.v.: Raudt hønsegras (P. lapathifolia). T.h.: Vanleg hønsegras (P. maculosa)
Honsegras
Mørk flekk. Hønsegrasblada av eldre plantar har ofte ein mørk flekk nær midten.

Litteratur