Kvifor gjer isen skade?

I våt jord kan isen kapsle inn vekstane fullstendig. Det kan rett og slett føre til frostskade på rota eller andre plantedelar. Meir vanleg skade får ein i vårsola når isen ligg som eit brennglas over enga. Det fører til ein høgare temperatur under isen, som igjen får plantene til å gro. Dette fenomenet kallar vi isbrann.

Skadeårsaka bak isbrann er kompleks. Når plantene vaknar om våren, vil dei alltid forbruke av sukkerreservar i rota før dei kjem i gang med fotosyntesen. Dersom dei vaknar til live under eit lag med is, vil dei ikkje bli kvitt andingsgassar som blir frigitt i plantene i denne fasen. Gassane, særleg karbondioksid, hopar seg då opp i giftige konsentrasjonar. Det toler plantene dårleg og fører raskt til plantedød. Mangel på oksygen ser ut til å bety mindre, fordi oksygenforbruket er lite i planter ved låge temperaturar. Nokre gonger kan det fortsatt vere tele i litt djupare jordlag og då kan nok også oksygenmangel i rotsjiktet føre til skade.

Is-skadane aukar mykje om isdekket er tjukt, eller om isen blir liggjande lenge utover våren. I praksis ser vi mest og oftast skadar på jorder der vatn av ein eller annan grunn blir ståande. Det kan vere dumpar i terrenget, svært flate jordeparti eller rett og slett dårlig drenerte areal. Manglande avløp for overflatevatn anten det skuldast terrengforma eller dårleg infiltrasjon, verker på same måten.

Dersom vassdammar blir ståande på jordet døyr plantene uavhengig av om det er islag eller ikkje om våren. Grunnen til plantedauden er då om lag den same som ved isbrann. Plantene døyr av at giftige andingsgassar hopar seg opp i plantene og sjølvsagt også av oksygenmangelen i rotsona. Når temperaturen er høgare vert oksygenmangelen i rotsona endå meir skadeleg.

Åting av is

I vinter ligg altså store areal under is også i hellande terreng. Seinvinteren er her og våren og vekstida er ikkje langt unna. Kva for rådgjerar har vi for å redusere skadetida med is og vatn til eit minimum?

I ein del snørike område har ein tradisjon med å åte snøen for å få tidlegare vår. Ein har då nytta ulike typar farga kalk (brun eller grå), sand eller oske.

Derimot har det vore mindre vanleg å åte is, men det kan ha god effekt og bør vere aktuelt. I eit forsøk som vart gjort i Hallingdal for snart 20 år sidan, nytta ein kalktypar med ulike farge og kornstorleik. Beste åtingseffekten, fekk ein med mørk kalk med grovare malingsgrad.

Ein treng ikkje bruke store mengder for å gje sola makt over isen. Har ein skifte som har behov for kalk, er det naturleg å bruke grovkalk med farge. Slik kalk har gjerne ulik kornstorleik og kan spreiast med ulikt utstyr. Av Miljøkalk er det tre typar som kan vere egna: Agri Åte Ha og Agri Grov Ha har mørkast farge, medan Agri Mel Ho er noko lysare og gjev ein klart betre kalkingseffekt i spreieåret. Ved åting kan ein altså slå to fluger i ein smekk, men ein bør likevel vere klar over at største kalkingseffekten får ein med nedmolding av kalken.

Fresing

Det er òg gjort forsøk med å fjerne islag med krattknusar, fres eller liknande reiskap. Det er energikrevjande metodar som kan vere nokså effektivt for å redusere vinterskadane på graset når isareala ikkje er så store.

Snøfall oppå isen siste delen av vinteren er positivt fordi det reduserer isbranneffekten. Samtidig kan eit moderat nysnølag vere med å mjukne isen under. Og åting før snøfall er slett ikkje bortkasta. Solstrålane trenger seg gjennom snøen og smeltar åta is.

Førebyggande tiltak

Som så ofte elles er førebyggande tiltak gjerne vere meir effektive enn akutte tiltak og flaks. God drenering, særleg på flate jorder er viktig for å minimere overvintringsskader som følgje av nedising og isbrann. På same måte verker det positivt å fjerne tersklar som demmer opp jordet, og elles profilere jordet slik at overflatevatn renn av. I verste fall kan ein forme overflata slik at minst mogeleg av arealet blir utsett for skade.

Kondisjon og planteval

Kondisjonen til plantene før innvintring er eit anna viktig førebyggande tiltak som bonden påverkar i stor grad. Poenget er at plantene har rikeleg med opplagsnæring i røtene til både å overleve vinteren og til å starte ein ny vekstsesong. Her nemner vi fire sentrale punkt:

  • Hausting av andre slåtten må anten skje så tidleg at plantene får tid til ny produksjon av opplagsnæring, eller så seint at det ikkje blir tilvekst etterpå.
  • Unngå at N-tilgangen blir så god etter siste hausting at det blir sterk gjenvekst og forsinka vekstavslutning.
  • Sørg for at stubbhøgda er minst 7-8 cm ved siste hausting.
  • Unngå snaubeiting på slutten av vekstsesongen.

Beste herdinga av plantene inn mot vinteren skjer ved sakte nedkjøling og lite tining og frysing, men det er jo heilt utanfor bondens kontroll. Bonden har derimot full kontroll på valet av frøblandingar og -sortar. Det er store skilnader på kor vinterherdige og robuste dei ulike artane og sortane er. Difor gjeld det å ta dei rette vala ut frå vanleg lokalt klima alt det året ein legg att enga.

Nedising 3
Det handlar om å få isen og vatnet vekk frå enga. Foto: Dagfinn Ystad
Nedising 4
Det handlar om å få isen og vatnet vekk frå enga. Foto: Dagfinn Ystad
Nedising 5
Det handlar om å få isen og vatnet vekk frå enga. Foto: Dagfinn Ystad