Biogass er biproduktet vi får av anaerob nedbryting av organisk materiale (anaerob nedbryting = nedbryting utan luft). Sjølve prosessen skjer av seg sjølv i husdyrgjødsel så lenge vi stenger lufta ute. Rundt om i verda er det millionar av små biogassanlegg; spesielt i land som India og Kina. Her vert gassen nytta til matlaging eller oppvarming.

Miljøgevinst med biogassanlegg

Husdyrgjødsel, matavfall, slam, slakteriavfall og fiskeensilasje er døme på organisk materiale som kan nyttast i eit biogassanlegg. Biogassen som kjem direkte frå reaktoren inneheld om lag like mengder metan og karbondioksid. Dersom vi oppgraderer gassen (reinsar for CO2) og komprimerer gassen kan den nyttast til drivstoff; også kalla biometan. CO2 frå prosessen kan nyttast som vekststimulans i veksthus, eller til industrielle føremål som til dømes tørris. Husdyrgjødsla som har gått gjennom biogassanlegget vil ha mindre metantap frå lager. Når biometan kan erstatte fossilt brennstoff snakkar vi om ein dobbel klimaeffekt av biogass. Utsleppet av forbrenning i biogassmotoren er karbondioksid som igjen vert teke opp av plantane. Dette er ein del av det korte karbonkrinsløpet.

Biogjødsel/ biorest/ rotnerest

Ein del av nitrogenet som har vore organisk bunde i husdyrgjødsla vert meir tilgjengeleg for plantane i biogjødsla. Det inneber samstundes at det er meir utsett for tap av ammoniakk under lagring og spreiing. I forhold til same mengde husdyrgjødsel, kan vi ikkje forvente at det er store gevinstar knytt til lågare trong for mineralgjødsel, men vi har rekna denne til å vere opp til 30 kr pr. dekar.

Når husdyrgjødsla går gjennom biogassreaktoren, vil innhaldet av organisk materiale gå ned. Den er meir tyntflytande og dannar ikkje skorpe. Ugrasfrøa og sjukdomsorganismar vert drepne. Det vert òg hevda at biogjødsla luktar mindre enn vanleg husdyrgjødsel.

Biogassanlegg knyt landbruket saman med storsamfunnet

Mennesket er ein del av krinsløpet. Våre etterlatenskapar i form av slam og matavfall skal tilbake til naturen. Det er strenge reglar med omsyn på kvalitet, og det er restriksjonar på kva som kan tilførast på landbruksjord – basert på innhaldet av tungmetall. Gjødsel frå husdyr og matavfall frå privathushaldningar er oftast lov å tilføre årleg. Per dags dato har fleire av dei store norske byane ingen innsamling av matavfall. Frå 2023 kjem det eit nytt EU-direktiv som fører til at matavfall skal sorterast. Biogassanlegg er eit meir miljøvennleg alternativ enn forbrenning.

Kvifor etablere biogassanlegg i husdyrtette område?

Eit argument som er brukt mot biogassanlegg i husdyrtette område, er at vi har nok gjødsel allereie. Denne skepsisen er knytt opp mot næringsstoffet fosfor. I prosjektet «Biogass på Voss i 2020» har NLR Vest rekna ut fosfor frå husdyrproduksjonen på Voss. Fordelt på dyrka areal gir dette 1,2 kg fosfor per dekar. Eng treng minst 2 kg fosfor per dekar, vekstar som potet og grønsaker treng meir. Landbruket kan i så måte hente inn att næringsstoff frå matavfall, oppdrett, slakteri osv., og føre tilbake i krinslaupet.

Kan landbruket ha nytte av å ta hand om avfallet til storsamfunnet?

Eit biogassanlegg basert på husdyrgjødsel vil føre til mykje transport, men transport av husdyrgjødsel har vi også i dag. Nesten alle gardsbruk driv leigeareal, og transporterer fôr og møk. Det meste av gjødseltransport går i dag med traktor. Eit
biogassanlegget vil kunne effektivisere gjødseltransporten samt å få meir over på lastebil. Biogjødsla kan køyrast til ein kum eller eit møkalager på leigd areal, og bonden vil få redusert sin transport. NIBIO har gjort utrekning på lønsemd for biogassanlegg i Midt-Noreg. Anlegg som ligg nær substrattilgangen kjem best ut. nibio.no

Økonomi for bonden?

Bonden får stønad for husdyrgjødsel levert til biogassanlegg gjennom eit nasjonalt tilskot. Anlegget må òg betale bonden for leige av lagerplass til biogjødsla. Dei fleste bønder har for lite gjødsellager. Lagerleige (og stønad frå Innovasjon Norge) bør vere så stor at bønder finn det interessant å investere i nye lager. Større lagerplass vil kunne redusere spreiing av husdyrgjødsel om hausten og vil kunne gje endå ein klima- og miljøgevinst. Om det vil løne seg for bonden å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg avheng av kor høge utgiftene er til transport før samarbeid. Dette varierer og bør reknast på for kvar bonde.

Utfordringar med eit biogassanlegg

Tidlegare i artikkelen har vi drøfta om landbruket på Vestlandet kan ta i mot næringsstoff frå storsamfunnet. Konklusjonen er ja (så lenge det tilfredsstiller hygienekrav), men krev at mest mogleg areal får tilført husdyrgjødsel. Transport er òg ei innvending som er skrive om tidlegare. Lønsemda i biogassanlegget avheng av korleis transporten av husdyrgjødsel og
biogjødsel vert løyst.

Ei anna utfordring er plast i matavfall. Skal ei biogassanlegg ta i mot matavfall, krevst det eit forbehandlingsanlegg – fordi du og eg kastar plast i matavfallet. Her må bønder sikre seg gjennom gode avtalar, for ikkje å måtte ta imot biogjødsel med synleg plast eller mikroplast.

Vestland satsar på fornybar energi i kollektivtransporten

Hordaland fylkeskommune har eit mål om at busstrafikken i Bergen skal bli fossilfri innan 2020 og heile Hordaland innan 2025. Sogn og Fjordane ynskjer å redusere utslepp frå kollektivtilbodet (ferje, båt, buss). Vestlandet treng biometan og landbruket er ein del av løysinga!

LANDBRUK OG KLIMAGASSUTSLEPP

FAKTA OM BIOGASS

Biogasskua gir
Miljøkua på Voss + matavfall vil produsere biometan til transport i tillegg til gjødsel til graset. Foto: Svein Ulvund. Illustrasjon: Jan Godzimirski.
My climate
Døme på biogassanlegg. Figur henta frå www.myclimate.org