KONKLUSJON

Kretsløpstolken er eit verktøy for berekning av krinsløpet for nitrogen (N), fosfor (P) og karbon (C) på eit mjølkeproduksjonsbruk. Modellen er basert på den nederlandske modellen Kringloopwijzer, som har vore i bruk i Nederland i over 10 år. Brukarane av modellen i Nederland ligg om lag 2-3 år framfor miljømåla som er sett for mjølkeproduksjon i landet. Kretsløpstolken er allereie utprøvd i Kvinnherad og har vist store variasjonar blant deltakarene. Den største variasjonen fann dei i samband med spreiing av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Det viser seg at ei betre utnytting av næringsstoffa vil i dei fleste tilfella gje mindre miljøbelastning og betre økonomisk resultat.

Gjennomføring

Hausten 2018 vart det gjennomført påmelding og informasjonsmøte angåande prosjektet. Til slutt vart seks deltakarar med gjennom heile prosjektet. Det vart tatt fôrprøver med mineralanalyse frå avlinga i 2018. Deretter vart det i løpet av 2019 gjennomført omfattande registrering av driftsopplegget på garden, med blant anna tal dyr, bruk av beite, mjølkeproduksjon, avlingsregistrering og kraftfôrforbruk. All innsamla data vart lagt inn i Kretsløpstolken, der innsatsfaktorar som gjødsling, innkjøpt kraftfôr og fôrforbruk blei sett i samanheng med produksjonen av mjølk, kjøt og gras i høve til dyretalet. Ut frå dette fekk vi tal på utnyttinga av næringsstoffa i gardsdrifta. Desse tala vart og brukt til å talsette utsleppet av dei ulike klimagassane frå drifta.

Resultat

Resultata viser ein del variasjon mellom dei ulike gardsbruka. Sidan tala berre er frå 2018, er det uråd å seie korleis utsleppa vil vere i eit normalår, eller korleis dei vil utvikle seg over tid. Utnyttinga av nitrogen og fosfor i jorda, og på garden som heilheit, varierte i stor grad mellom dei ulike gardsbruka. Ei utnytting på 100 % er uråd å oppnå, og dei fleste låg godt under dette. Utnyttinga av fosfor på gardsnivå låg jamt over høgare enn nitrogenutnyttinga, medan utnytting av nitrogen og fosfor i jordsmonnet var meir jamt.

Figur 1 viser klimagassutsleppet i CO2-ekvivalentar per tonn mjølk frå dei ulike gardane, samt gjennomsnittet for heile prosjektet. Det som gir mest utslag i variasjonen, er utsleppet av metan og delen importerte klimagassar.

Aasmundfigur1
Figur 2 viser fordelinga av klimagassar. Det går klart fram at hovuddelen av klimagassutsleppet kjem frå metangass og importerte klimagassar i form av innkjøpt grovfôr og kraftfôr.
Aasmundfigur2