Artikkelen er første gang publisert i Våronnytt 2023.

Vi har tidlegare skive om dette, men ei god (og viktig!) sak kan ikkje gjentakast for ofte. Kostbare innsatsfaktorar krev at vi utnytter dei på beste måten. Gjennom mange forsøk over heile Agder har vi sett kvar det kan vere råd å betre drifta og dermed også botnlinja i rekneskapen på garden. Desse tolv enkle råda gjeld også i 2023.

  1. Produser maksimalt rundt driftsbygningen. Den jorda som ligg nær driftsbygningen gir minst transport, både av gjødsel og fôr. For å spare kostnad til diesel & dekk & traktor (transport!) – sats på optimal utnytting av jorda med kort avstand til driftsbygning.
  2. Kalk! Prisane på gjødsel er så høge nå at gjødsla må utnyttast optimalt. Optimal utnytting får du først når pH er over 6 i jorda. Om du har mykje jord med pH under 5,5 bør du prioritere å kalke og heller redusere gjødsling på enkelte jorder – bruk mindre gjødsel på jord der pH er låg.
  3. Forny enga – få inn kløver i enga. Eng med innslag av kløver skal ha mindre gjødsel for å produsere optimalt. Økonomisk sett er dette gunstig, samstundes som fôrkvaliteten blir betre - så sjekk at det er kløver i frøblandinga du bruker når det er tid for å fornye enga.
  4. Fortørk graset før pressing i rundball eller silolegging. Det blir betre kvalitet på surfôret og mindre transport av vatn. Det betyr fleire fôreiningar i kvar rundball eller kvart lass i siloen. Det blir færre rundballar som skal gjennom pressa, og mindre plast som blir brukt.
  5. Unngå å spreie husdyrgjødsel på hausten. Er lageret for husdyrgjødsel så lite at du må tømme det på hausten for å få plass gjennom vinteren bør du få vurdert om det kan lønne seg å bygge ekstra kum / lager for å spreie gjødsla når den har best effekt – det er om våren og etter 1. slått.
  6. Ikkje spar på gjødsla om våren. Mange tenker at dei vil spare på gjødsla og heller redusere produksjonen slik prisane er no. Prioriter i så fall gjødsling om våren for å få ein god 1. slått – effekten av gjødsla får du då også gjennom resten av vekstsesongen. Har du fått ei tilfredsstillande avling kan du heller redusere gjødsling etter 1. slåtten.
  7. Grøft vassjuk jord. Vassjuk jord gir redusert avling, slepp ut lystgass og krev lang tørketid før slått og anna arbeid. Lønsemda ved grøfting er sjølvsagt avhengig av kostnad, men å la jord ligge vassjuk over lang tid er sjeldan bra for anten miljø eller lommebok. Lag grøfteplan og søk tilskott til arbeidet!
  8. Bruk kantspreiar på kunstgjødselspreiaren. Dei fleste kunstgjødselspreiarane har kantspreiar funksjon – også eldre spreiarar. Om du ikkje bruker det bør du finne bruksrettleiinga og ta den i bruk. Forsøk syner opp til 30 % tap av avling langs kanten av jordet utan bruk av kantspreiar.
  9. Vurder nedleggar på gjødselvogna. Det har kome fleire leverandørar av nedleggar / nedfellar dei siste åra. Dette utstyret gir både betre utnytting av gjødsla og ekstra tilskott til miljøvennleg spreiing. Kan du ettermontere slik utstyr på vogna kan dette være lønnsamt og miljømessig gunstig, men sjekk lønsemda før du handler!
  10. Samarbeid om maskiner og utstyr. Det er ofte kapasitet på teknisk utstyr til å dekke større areal enn det ein enkelt bonde har. Samarbeid om utstyr er gunstig økonomisk fordi kostnaden då blir delt på større areal og fleire brukarar. Dersom du har kapasitet til å ta på deg maskinarbeid for andre vil det ofte og vere gunstig for å fordele kostnaden på større areal. Eit anna døme er samarbeid der ein eig presse og samarbeidspartner eig slåtteutstyr og evt. rive. Det er gunstig økonomisk. Kvar eigar har kontroll på sitt utstyr, men utstyret blir brukt på større areal og det blir dermed meir fordeling av kostnadene.
  11. Leig tenester evt. kjøp brukt. Har du liten bruk av eit reiskap kan det vere lønsamt å leige i staden for å eige. Det kan vere både økonomisk og frigjere tid til anna arbeid – eller meir fritid! Har du liten bruk for ein reiskap men ingen i nærleiken som tilbyr tenester med slikt utstyr er det fornuftig å kjøpe brukt.
  12. Legg til rette for presisjonsjordbruk. Teknologien går fort framover – tenk presisjonsutstyr når du investerer i nytt utstyr. Mykje tyder på at prisane på innsatsfaktorane held seg høge framover – då vil nøyaktig spreiing av mineral- og husdyrgjødsel bli endå viktigare og meir lønnsamt også på mindre bruk. Etter kvart kan faste køyrespor for all køyring på jorda auke avlingane ennå meir.

Til slutt – mange vil reagere på at fleire av punkta over er det same som god agronomi. Det er ein god observasjon – god agronomi og god økonomi heng i dei fleste tilfelle saman!