Val av slåttetidspunkt

09.06.2017 (Oppdatert: 10.06.2017) ,  Aslak Botten

Driftsoppleggog produksjon på garden er avgjerande for val av slåttetidspunkt. Under finn du viktige stikkord. Vêret er det derimot lite å gjere med.

Det er viktig å kunne vurdere utviklingstrinn på graset for val av rett slåttetidspunkt. Denne prøven er timoteien godt utskoten, men i god tid før blomstring. Analysen synte 0,83 FEm. Foto: Dagfinn Ystad

 Kva er rett slåttetidspunkt for driftsopplegget på garden?

  • Tidleg slått kan gje høgare grovfôropptak, lågare avling, kortare levetid på enga og dyrare fôr.
  • Sein slått verkar motsett. Prioriter alltid å skaffe nok grovfôr, anten gjennom eigen produksjon eller kjøp. Ofte er det lurt å kjøpe "lågenergifôr" og hauste "høgenergifôret" sjølv.
    • Høgenergifôr= tidleg slått, tidleg skyting, >0,90 FEm /kg ts. (> betyr større enn)
    • Lågenergifôr = sein slått, blomstring, om lag <0,82 FEm /kg ts og lågare. (< betyr mindre enn)

         

 Mykje eller lite grovfôr?

  • Har du grovfôr til overs og ønskjer høg produksjon på lite kraftfôr? Råd:  Tidleg slått (>0,90 FEm /kg ts)
  • Balanse i grovfôrproduksjon. Råd:   Normal slåttetid (Fe-konsentrasjon mellom 0,82-0,90 FEm/kg ts)
  • Lite grovfôr. Råd:  Utsett slåttetid fører til meir avling, men kan gå ut over ønsket om høg avdrått. Aktuell problemstilling: Vurdere høgare avdrått på færre dyr slik at produksjon vert oppretthalde, og faktisk redusere behovet for eige grovfôr.

Mjølkeku og mjølkegeit

Skal du ha høg mjølkeavdrått er det enklare med eit høgenergi grovfôr. Det er svært vanskeleg å ha høg mjølkeavdrått på lågenergi grovfôr.

  • Lite kraftfôr:                             Om lag 0,95 FEm /kg ts, svært tidleg slått
  • Normale kraftfôrmengder:         Om lag 0,90 FEm /kg ts, tidleg slått
  • Store kraftfôrmengder:              Om lag 0,85 FEm /kg ts

Sinku

  • Lågenergifôr:                    <0,80 FEm /kg TS eller lågare

Intensiv Oksefôring

  • Lite kraftfôr:                 0,95 FEm /kg ts, svært tidleg slått
  • Moderat kraftfôr:           0,90 FEm /kg ts, tidleg slått
  • Mykje kraftfôr:              0,85 FEm /kg ts

Sau

Sauen treng ulik fôrkvalitet gjennom året. Dei ulike dyregruppene har og så ulike krav til fôret.

  • Grovfôr til slaktelam utan kraftfôr og søyer rundt lamming: 0,95 FEm /kg ts, særs tidleg slått.
  • Søyer rundt lamming med noko kraftfôr: 0,90 FEm /kg ts.
  • Vinterfôr søyer: 0,75-0,82 FEm /kg ts, lågenergifôr, sein slått, blomstring.

Ammeku

For å få høgt grovfôropptak og god tilvekst på oksane og kalvane med lite bruk av kraftfôr, er tidleg slått viktig. Til vedlikehaldsfôr til kua er energibehovet lågt og slåttetidspunktet bør utsetjast.

Ammekua treng ulik fôrkvalitetar til ulike tider på året:

  • Rett etter kalving:                   Høgenergifôr, tidleg slått, tidleg skyting (>0,90 FEm /kg ts)
  • Kalven/dyr i vekst/slaktedyr:    Særs tidleg slått, 0,95 FEm /kg ts
  • Drektige kviger:                       0,8-0,85 FEm /kg ts

 

 Les artikkel i Sau og Geit om det er lønsamt med tidleg slått  i produksjon av geitmjølk.