
Pløying er en viktig aktivitet på dei fleste gardsbruk. Kostnaden med god og dårleg pløying er om lag lik, men ei dårleg pløgsle kan gi meir etterarbeid med slodding og harving og slik koste både meir arbeid, diesel og slitasje. Ei god pløgsle reduserer ugrasproblemet og gjev raskt grunnlag for eit godt såbed.
Kurset eignar seg for alle som ønskjer å auke sine ferdigheiter i innstilling og bruk av teig- og vendeplog. På kurset kombinerast teori om pløying og plog med praktiske øvingar.
Deltakarane oppfordrast til å ta med eigen traktor og plog, men eiget utstyr er ikkje nokon føresetnad for deltaking så lenge minst 2 stk stiller med reiskap på praksisdagen
Program:
Teori:
1,5 timar Webinar - plogens oppgåver, ulike plogtyper.deler, utstyr o.l.
Praksisdag:
-Innstilling av plog før start
-Innstilling av plog på jordet
Webinar- Forberedelse til praksisdag
- 21. sept. kl 10.00-11.30 (Dag)
- 21. sept. kl 19.30-21.00 (Kveld)
Alle bør ha gjennomført Webinar (Teorigjennomgang) for å delta på praksisdagen.

Praksisdag:
- Gjennomgang av plog og traktor.
- Grunninnstilling av plogen.
- Kvar einskild plog vert gjennomgått og justert.
Praksisdagar Telemark
25. september, Kl. 15.00-20.00 i Øvre-Telemark
4. oktober, Kl. 12.00-17.00 Midt-Telemark
5. oktober, Kl. 10.00-15.00 Nedre Telemark
Me satsar på at ein av dei påmeldte kan vere feltvert. De vert kontakta om dette etter påmelding
Pris: 1450 kr medlem/ 1950 kr ikkje medlem. (Feltvert får gratis kurs)
Påmelding: Seinast 19.sept
Det må vere minst 5 påmeldte for at kurset vert gjennomført.
Spørsmål : Aslak.botten@nlr.no, eller tlf. 906 52 629
Kurshaldar: Aslak Botten, NLR- Østafjells.
Førebuing før kurset:
- Ta med original verktøyet til plogen.
- Smør opp alle beveglege delar.
- Spray på rust løyser på alle mutterar som kan/skal justerast.
- Skift utslitne slitedeler som for eksempel skjær, spissar, og landsider.