-Beiteplanlegging er viktigare enn nokon gong

04.10.2017 (Oppdatert: 06.10.2017) ,  Dagfinn Ystad | Nyhet

- Største utfordringa er at planen blir brukt og ikkje berre blir liggjande i ein skuff,- seier opphavsmann for beitebruksplan i Noreg, Erling Skurdal, tidlegare beitekonsulent i NSG og fylkesagronom i Oppland. - Bøndene må lære å bruke planen og i tillegg vere pådrivarar overfor kommunen i arbeidet med arealplanen.

Eit slikt landskap, som her ved Fekjastølen i Ål, kan vere attraktivt også for andre enn beitedyr, ikkje minst hytteinteresserte. Ein beitebruksplan med ei underliggjande vegetasjonskartlegging kan vere med å sortere tankane…Foto: Dagfinn Ystad

Hyttebygging er ei utfordring

Den fyrste beitebruksplanen vart laga i Ringebu kommune for snart 20 år sidan. Seinare har mange kommunar følgd etter.

-I dag er det viktigare enn nokon å få på plass fungerande beitebruksplanar. Mykje produktivt areal er bygd ned, og presset ikkje minst frå hyttebygging er stadig aukande, seier Skurdal som framleis har klare synspunkt i saka.

-Samfunnet og landbruket er i stadig endring og det fører ofte til endra fokus også hos grunneigarar som lett lar seg lokke av tomtesal framfor god forvaltning av beiteressursane. Det kan bli som eit skot i foten om ein gjer feil val. Utmarksbeiting er særs arealkrevjande, men verdien av hausta beite er på over ein milliard om året, og det er inntekter ein vil kunne ha mange år framover om ressursane blir forvalta rett.

Interessekonfliktar også i landbruket

-Vi opplever jamleg konfliktar i næringa mellom beitebrukarar og grunneigarar som ynskjer utbygging, -seier Skurdal vidare. -Mange bønder med beitedyr er også med i utbyggingsprosjekt. Mens Norsk Sau og Geit er eintydig i synet på at beiteinteressene må sikrast, har ikkje faglaga i landbruket alltid like klare standpunkt. Eg meiner det går an å ha fleire tankar i hovudet samtidig i planlegginga og gjere dei rette vala,- og at beiteplanlegging er eitt av grunnlaga i arealplanlegginga. Beitebruksplanen bør difor rullerast som ein annan kommunedelplan og her må næringa vere på banen, ikkje minst for å få eit verdifullt eigarforhold til prosessen.

Vegetasjonskartlegging er nødvendig

-Det er viktig å få gjennomført vegetasjonskartlegging av aktuelle areal i ein kommune, som eit grunnlag for beitebruksplanen. Dette for å styre eventuell hyttebygging/ nedbygging til lite produktive areal, samt som viktig opplysning for bøndene i praktisk beiteplanlegging. Eg har gjennom mange år opplevd at kunnskapen om utnytting av utmarksbeite kan- og bør bli betre ved å gjere rette prioriteringar og val. Eg tenkjer m.a. på tidspunkt for beiteslepp, beitepussing, aktuelle område for krattknusing og grunnleggande kunnskap om beiteplanter. Då er det verdifullt å ha gjennomført vegetasjonskartlegging for eit område, seier Skurdal.

 -Dei største ressursane i landbruket i Noreg ligg i utmarksbeite

Det seier Yngve Rekdal, beitegranskar i NIBIO. - Det er likevel store lokale skilnader i produktivitet på beita. Difor er kartlegging nødvendig.

Berre ti til femten prosent av arealet i Noreg er vegetasjonskartlagt. Ein del av dei beste beiteområda manglar, ikkje minst i pressa område med store turistutbyggingar.

-Men ei kartlegging er vel arbeidskrevjande og kostar mykje?

-For å kunne lage vegetasjonskart til bruk i beiteplanlegging må vi drive feltarbeid. Kartlegginga foregår som ein kombinasjon av detaljkartlegging som er ei synfaring i felt, og og ei oversiktskartlegging som er ei tolking av flybilete ut frå nyansar i farge og struktur og økologisk kunnskap. Detaljkartlegginga er mest arbeidskrevjande. Kostnadene for kvart oppdrag varierer sjølvsagt med omfanget.

Til no har staten dekka seksti prosent av kostnadane, så eigendelen til kommunar, grunneigarar/ beitelag bør vere overkommeleg.

-Så då står oppdraga i kø og ventetida er lang?

-Arbeidet i felten skjer naturleg nok i vekstsesongen så tinginga må skje minst eit år i forvegen.

-Viktig at både næringa og politikarar får eigarskap til beitebruksplanen

Aslak Botten, rådgivar i NLRØ, vart innleigd som sekretær under arbeidet med beitebruksplanen for Gol, som vart vedtatt i 2014.

-Det vart utført vegetasjonskartlegging på Golsfjellet nokre år tidlegare av m.a. Yngve Rekdal i NIBIO og dei opplysningane hadde vi i botn. Vi nytta òg ei landskapspleieanalyse for området,- seier Botten.

-Det vart lagt stor vekt på at næringa gjennom representantar frå beitelag, utmarkslag og faglag, skulle vere med i planarbeidet, for å få innspel og eigarskap til planen. I tillegg var politikarane og kommuneadministrasjonen representert. Turistnæringa var også invitert, men deltok dessverre ikkje. Den breie samansetnaden meiner eg var viktig for å få til ein fungerande plan. Det førte også til ei skikkeleg politisk behandling.

-Inngår beitebruksplanen i arealplanen i kommunen slik at han blir rullert?

-Nei, dessverre,- seier Botten. -Ønsket var at planen skulle få ein slik status, utan at det gjekk.

Men næringsavdelinga i kommunen nyttar planen aktivt. Eg ser òg at synet på praktisk beitebruk i næringa har endra seg etter planarbeidet, og det på ein positiv måte.

I tillegg har eg nytta faktadelen i planen i rådgiving om gjerdeplikt og beiterett,- ei problemstilling som er særs aktuell, ikkje minst på Golsfjellet der landbruk og reiseliv lever nært saman, med dei utfordringane det skapar. Jordskifte bidrog med viktig fagkunnskap i planarbeidet, avsluttar Botten.

Ål kommune vil ha beitebruksplan som del av kommuneplanen

Saksbehandlar Ingvild Sundgot, Ål kommune er i arbeid med rullering av beitebruksplanen i Ål frå 2003. Rulleringa vart tinga av politikarar, administrasjonen og av beitenæringa.

-I tillegg til gjeldande plan ser vi på andre beitebruksplanar i landet, seier ho. -Det er viktig å trekke vekslar.

-Og arbeidet er kome godt i gang?

-Oppstarten skjedde i møte med næringa representert med sankelaga og faglag på seinvinteren i år. Det har dessverre gått noko tregt m.a. grunna dei ekstra utfordringane med skrantesjuka på rein i området vårt. Meininga er å ha planen ferdig i løpet av 2018.

Ingvild Sundgot har behov for å understreke.

-Vi ser det som avgjerande å få forståing også i næringa for at ein fungerande beitebruksplan er ein viktig reiskap både for beite bruken og i arealplanlegginga. Vi har til tider opplevd ein del interessekonfliktar i landbruket mellom utbyggjarar og beitebrukarar og dette vil vi prøve så langt som råd å unngå.

-Er det grunnlagskunnskap de manglar i arbeidet?

-Vi vil foreslå vegetasjonskartlegging av aktuelle område i kommunen. Hadde vi hatt dette på plass før, ville det nok ha påverka tidlegare planar. Samtidig har vi ynskje om at beitebruksplanen blir ein del av kommuneplanen som rullerast og blir ein levande plan, òg at planen bidreg med temakart i arealdelen i kommuneplanen.

 - Viktig å få på plass ein fungerande beitebruksplan

Lars Eivind Haugo er beitebrukar og medlem av nemnda for rullering av beitebruksplanen i Ål kommune. Han har klare synspunkt i arbeidet med planen.

-Det er viktig å få på plass ein fungerande beitebruksplan. Mykje areal er bygd ned gjennom år og eg opplever ofte utfordringar mellom beitebruk og hyttebygging.

-Så du trur ikkje hyttebygging og beitebruk let seg kombinere?

-Mykje av beita til sauene mine er i område med hytter, og det går jo, men det beste hadde vore om hyttene ikkje var der eller at plasseringa var slik at hytteområda vart meir tilrettelagt for beiting.

Nokre område har særs gode beiter og der burde det absolutt ikkje vore hytter. Det er difor viktig å få gjennomført vegetasjonskartlegging før utarbeiding av nye utbyggingsplanar og meir areal blir øydelagt,- slår Lars Eivind Haugo fast.