Pionerprosjekt mot skrantesjuke i gang: Beitenæringa gjer sin del av jobben

06.09.2017 (Oppdatert: 07.09.2017) ,  Dagfinn Ystad | Nyhet

Landbruks- og matdepartementet vedtok i mai sanering av villreinstammen i Nordfjella, - ei stamme på vel 2000 dyr. Vedtaket vart gjort etter påvising av skrantesjuke på fem dyr, tre i 2016 og to så langt i 2017. Staten har samla sett av vel hundre millionar til prosjektet dei to fyrste åra. Vedtaket får konseskvensar for beitenæringa i området gjennom m.a. inngjerding av sju hundre salteplassar for sau i Nordfjella, til hinder for hjortevilt. Inngjerdinga skulle etter planen gjennomførast i løpet av juli og i starten av august, men har støtt på nokre utfordringar. Tiltaket er eitt av fleire i ein utarbeidd saneringsplan, som må sjåast på som eit pionerprosjekt i smitteforebygging. Prosjektet vil difor bli følgd med argusauge.

Kor mykje vil kampen mot skrantesjuka påverke beitenæringa i Nordfjella? Foto: Dagfinn Ystad

Rapport frå prosjektet per 6. september 2017

Ein utfordrande sommar også for beitenæringa, men det er lys i tunnelen

Leiar i Nordfjella sankelag, Jon Øen, seier det har vore utfordringar i arbeidet med inngjerding av salteplassane, men at han "ser lys i tunnelen". Arbeidet vart forseinka med tre-fire veker då det viste seg at lam sette seg fast i grindene ved oppstarten av monteringa i Lærdal og utplasseringa vart stoppa. Løysinga vart at ein måtte montere på netting på alle grindene før uttransport. Dette førte til arbeidskollisjon med slått og sauesank for bøndene, men målet er at grindene skal vere på plass til 20. september når ettersanken på sau er ferdig. Øen nemner òg at de planlagte kameraovervåkinginga av salteplassar i Lærdal ikkje er kome i drift grunna grindproblema. Difor har ein til no ingen dokumentasjon om korleis inngjerdinga fungerar mot hjortevilt.

Etter arbeidet så langt, ser Øen behovet for at Nordfjella sankelag, som i dag organiserar frivillig arbeid til tiltaket, blir formalisert  og gitt eit mandat frå dei kommunale sankelaga slik at det  det kan bli meir handlekraftig og fatte gyldige vedtak. Trass i utfordringane er Øen positiv til arbeidet som er gjort og er særs glad for at ein har fått til ei ordning der ein framleis kan drive utmarksbeiting med salting. Han har heller ikkje registrert  konflikt med jegerar under utflyging av grinder som ein del var redde for.

Mattilsynet er nøgd

Andre Høva, Mattilsynet Gol, er leiar for lokal ressursgruppe for CWD-sanering i Nordfjella. Han fortel at om lag 500 rein er felt så langt i jakta og er godt nøgd med det. Dei har fått resultatet frå mest alle dyra og det er berre funne to dyr med smitte i år. Jakta vil foregå fram til 31. oktober, og dei planlegg no uttaket av dyr etter den tid,- til vinteren og utover våren. Han stadfestar at arbeidet med inngjerding av salteplassane vart forseinka med nokre veker, og vart stoppa i Lærdal der dei fyrste grindene vart montert. Desse grindene skal inn for modifisering, og alle salteplassane skal vere inngjert i løpet av september.

Skrantesjuke, ein alvorleg sjukdom

Skrantesjuke, Chronic Wasting Disease (CWD), er ein smittsam prionsjukdom som rammar hjortedyr, er dødeleg og vil i følgje fagfolk ikkje forsvinne utan tiltak. Målet er å hindre spreiing, utrydde smitta og å opprette ei ny villreinstamme etter ei brakkleggingsperiode på minst fem år.

Mattilsynet og miljødirektoratet har utarbeidd ein saneringsplan for tiltaka.

Saneringa skal starte gjennom utviding av reinsjakta frå 10. august i år, og gjennom ulike tiltak har ein mål om å vere ferdig til 1. mai 2018.

Ulike meiningar

Saneringsvedtaket har ført til mykje diskusjon i ulike fagmiljø, for det er sjølvsagt særs drastisk å radere ut ei heil reinstamme i eit definert fjellområde. Det blir hevda at vedtaket er forhasta m.a. grunna manglande kunnskap om tiltaka gir ønska resultat og ut frå dyrevelferda til reinsdyra. Ein veit heller ikkje opphavet til smitta i området.

Blanda kjensler blant jegerar på møte i Lærdal (NRK)

Den største utfordringa er kan hende tiltaka for å hindre smittespreiinga til anna hjortevilt (hjort, elg, rådyr) i området,- særleg mot Vestlandet, men også tilgrensande reinflokkar i nord og sør.

Sterke beiteinteresser

Nordfjella er eit svært viktig beiteområde for husdyr for kommunane Hol, Ål og Hemsedal aust for vasskiljet og for Eidfjord, Ulvik, Aurland og Lærdal på vestsida. Særleg sauehaldet er stort med om lag 70 000 dyr på beite som leverer blant dei beste vektene i landet. Desse sauene er avhengig av salteplassar,- og det er gjennom år oppretta 700 i talet.

Desse salteplassane er vurdert til å være store smittefeller for skrantesjuka, og i utgangspunktet ville ein avvikle desse i heile området. Reaksjonane i beitenæringa har naturleg nok vore sterke og usikkerheita var stor på nyåret og våren då ingenting var avklart. Hyppig møteverksemd med deltakarar m.a. frå Mattilsynet, miljødirektoratet, politisk leiing i matdepartementet og representantar frå landbruksnæringa førte til konstruktive løysingar.  Kunnskapen frå enkeltpersonar i landbruket var her særs viktig og det er rapportert om god dialog mellom partane i dette arbeidet.

Inngjerding av salteplassar er ei stor utfordring

Resultatet er at dei 700 salteplassane skal gjerdast inn, kvar med 8 stålgrinder på 2 m breidde og 1,84 m høgde, spesialproduserte for tiltaket. Det er tre opningar inn i kvar innhegning slik at sauen skal ha tilgang,- men samtidig hindre at hjortevilt får tilgang. Ved inngjerdinga skal ein sikre at synleg jord blir skjerma. Om lag 70 av dei gamle salteplassane skal stengast heilt også for sau, grunna særleg høg smitterisiko, og det blir oppretta nye i nærleiken. Til saman vil det bli produsert om lag 7000 grinder.

Grindene skal transporterast ut til salteplassane,- i stor grad med helikopter. Dei lokale sankelaga får ansvaret å montere dei for ei viss godtgjersle. Grindene skal stå i heile brakkleggingsperioda på minst fem år,- også om vinteren. Dei må m.a.o. festast godt mot underlaget, anten det er hardt, flatt, bratt  eller ulendt. Dette blir sett på som ei stor utfordring av mange.

I denne veka startar uttransport og montering av grinder i Lærdal som den fyrste kommunen, så kjem dei andre kommunane etter tur. Dei siste grindene blir etter planen levert 30. juli. Tida for gjennomføring i alle ledd, - frå produksjon til uttransport og montering, er knapp. Det er mange involverte,- ikkje minst i sankelaga, og organisering og velvilje er heilt avgjerande for å lykkast. Alle sankelaga har difor inngått eit formelt samarbeid gjennom oppretting av Nordfjella sankelag der representantar frå sankelaga i alle kommunane er med.

Kontroll og rapportering

Sankelaga må utføre kontroll av innhegningane, minst kvar veke, for å sikre at dei fungerer etter intensjonen. I tillegg vil nokre innhegningar også ha konstant overvaking med viltkamera fyrste året. Ein oppmodar i tillegg andre personar som er i område (oppsyn, jegerar og fotturistar), til å sjå etter grindene,- løyse dyr som sit fast, eller få ut eventuelt hjortevilt som er i innhegninga. Slike hendingar skal alltid rapporterast til Mattilsynet. Det same gjeld om ein finn saltsteinar og salteplassar som ikkje er inngjerda.

Kontaktinfo til Mattilsynet: postmottak@mattilsynet.no, tlf. 22 40 00 00

Artikkelen er under arbeid og vil bli oppdatert.

Vi vil følgje prosjektet med rapportar tida framover.