Besøksdagar grovflis til strø og talle

15.10.2018 (Oppdatert: 14.11.2018) | Nyhet

Grovflis kan vere ei fullgod erstatning som strø i vanleg talle, både til storfe, hest og småfe. Den alvorlege tørkesommaren med fôrmangel som resultat, gjer grovflis aktuelt som strø for mange. Kva bør ein vite om grovflis til strø og talle? Vi besøker tre storfebuskapar i regionen vår med nokså ulike driftsopplegg, men alle brukar grovflis til strø.

Eigenprodusert grovflis lagra i binge før bruk. Foto: Dagfinn Ystad

 

Tid og stad. Driftsopplegg.       

  • Torsdag 04.10 kl. 12.00-14.30 hos feltvert Ragnhild Fuglestveit og Morten Moland, Sannidal 
    • Besøksadresse: Kjølebrøndsveien 134, 3766 Sannidal
      • Ammekyr, 25 stk og kalv. Grovflis til strø og talle.
  • Tysdag  23.10 kl. 12.00-15.00 hos feltvert Endre Rustand, Bromma, Nesbyen.
    • Besøksadresse: Børdalsvegen 153, 3540 Nesbyen
      • Ammekyr,  25 stk og kalv. Grovflis strø og talle.
      • Demonstrasjon av beitepusser.
        • Enkel servering;- varme pølser og kaffi
  • Måndag 29.10 kl. 12-14.30 hos feltvert Tore Nilsen, Uvdal
    • Besøksadresse: 3632 Uvdal, følg skilting frå Uvdal søppelfylling, Vestsidevegen 1104.
      • Ammekyr, 12 stk.,60 oksar frå 6-14 mnd. Grovflis madrass. Finflis strø.

Besøksdagane vil skje utandørs og i driftsbygningar for storfe;- ammeku og okse.

Tema vi tar for oss:

  • Eigenskapar til grovflisa,- kva virke kan ein bruke
  • Produksjon og lagring av flisa
  • Faktorar som påverkar flisbehovet
  • Tankar rundt bygningsløysingar;- renovering og nybygg
  • Økonomi
  • Logistikk i fôring, strøying, behandling av talle
  • Kompostering av talle, jordforbetring og gjødselverdi

Frå Norsk Landbruksrådiving Østafjells kjem bygningsrådgivar Svein Ivar Ånestad (41494604)

Prosjektet "grovfis til stø, talle og kompost" har fått støtte gjennom klimamidlar frå Fylkesmannen i Buskerud og Telemark

Arrangementa har inga deltakaravgift.

Oppslaget er under redigering/ oppdatering

Sjå eigen info-artikkel om grovflis HER.




Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.