Grovflis kan erstatte halm til strø i talle

04.07.2018 (Oppdatert: 14.11.2018) | Nyhet

Utanfor kornområda har ein i lengre tid hatt fokus på alternativ til halm som strø i talle. Det har vore fleire grunnar til det, men økonomi og attgroing er eit par stikkord. Grovflis kan vere ei fullgod erstatning som strø i vanleg talle, både til storfe, hest og småfe.

Harald Rustad på Nesbyen har brukt grovflis til storfe i mange år og er ein god ambassadør for produktet. Han meiner dyra har det godt på dette underlaget. Foto: Dagfinn Ystad

Hovudspørsmålet er derimot gjødselverdien på tallen etter bruk når den skal inn i kretsløpet i plantedyrkinga att.

Prosjektet "Treflis til strø, talle og kompost"

Dette ligg i prosjektet vi i NLR Østafjells no er i ferd med å gjennomføre: " Treflis til strø, talle og kompost". Prosjektet er støtta med klimamidlar av Fylkesmannen i Buskerud og vi har plukka ut to gardar i Hallingdal,- i Hol og Nes, det eine med mjølkegeit og det andre med ammeku. Planen er at vi til hausten (september/oktober) skal arrangere open besøksdag på desse gardane der problemstillingar, erfaringar og resultat blir presentert. Ein vil ha fokus på dyrevelferd, miljø/avrenning, agronomi og økonomi.

Prosjektet blir og etter kvart presentert i artiklar på heimesidene våre og i medlemsbladet "Grønt i fokus".

Grovflis kan vere eit alternativ alt no

Når vi er opplever den alvorlege tørkesituasjonen med akutt fôrmangel som resultat, er det all grunn til alt no å nemne nokre stikkord om grovflis til strø.

  • I driftsopplegg med gjødselkjellar med blautgjødselhandtering er grovflis ikkje aktuelt om det er fare for at tallen hamnar i gjødsellageret. Då er dei vanlegaste alternativa sagflis, kutterflis eller trepellets.
  • Det beste er å bruke lauvvirke til grovflis,- det brytast raskare ned ved kompostering.
  • Som strø er furu og gran like godt,- ikkje minst honvirke med mykje bark.
  • Ein nyttar same flishoggarar som hogging av flis til flisfyring,- gjerne 2,5-5 cm flisstorleik.
  • Energivirke er rimelegaste alternativet, om ein ikkje har tilgang på "krattvirke"
  • Ein bør lagre grovflisa under tak. Ledige plansiloar kan vere godt egna. Er flisa rå, vil det gå varme i ho. (Berre positivt for seinare bruk). Lagringshøgda på rå flis bør vere under 4 meter for å unngå sjølvtenning.
  • Ein m3 energivirke gir om lag 2,5 m3 grovflis.
  • Driftsopplegg og innefôringstid påverkar grovflisbehovet, men eit tips kan vere 8 m3 / kyr i sesongen.
  • Flisbehovet er i stor grad påverka av avstanden mellom fôringsplass og liggeplass;- stor avstand reduserer behovet. (Mesteparten av møka kjem når dyra et)
  • Fôringsplassen bør vere støypt og lett å gjere rein/ måkast.
  • Grovflisa bør fortrinnsvis nyttast på liggearealet og leggast høgst i innerkant. (Dyra vel å ligge med hovudet øvst.) Kan fylle på flis i innerkant, så vil dyra sørge for resten sjølv
  • Viktig med tette veggar på liggearealet for å hindre trekk.
  • Best med støypt golv også i fjøset.
  • Etter bruk bør tallen lagrast på ein godkjent plass m.o.t. avrenning, der ein kjem lett til for vending/snuing i komposteringsprosessen.

 Ein god fôringsplass ute reduserar behovet for strø vesentleg. Her ein ombygd kontainar med støypt golv. Foto: Dagfinn Ystad

Ein god fôringsplass ute kan redusere behovet for strø vesentleg. Her ein ombygd kontainar

med støypt golv.  Foto: Dagfinn Ystad.

 

Entreprenørar for flishogging

I området vårt finn det fleire maskinentreprenørar som høgg flis. Dei har flishoggarar og lassberarar med ulik storleik og kapasitet. Dersom fleire går saman i eit område, vil hogginga kunne bli rimelegare.

  • Tor Jørgen Benterud, 3073 Sande i Vestfold, tlf. 905 95 955

  • Fanebust Maskin AS, 3171 Sem, tlf. 417 86 000

  • Grøgard Maskin as, 3350 Prestfoss, tlf 996 46 548

  • Norsk Miljøflis AS/ Remi Aas Hansen, 3320 Vestfossen, tlf. 415 62 304
  • Biodrift as, 2760 Brandbu, tlf. 91 33 60 60  



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.