Nettmøte: Ny vår for husdyrgjødsel

07.04.2020 (Oppdatert: 07.04.2020)

Høgare pris på kunstgjødsel betyr at husdyrgjødsla også har fått langt større verdi. Det er prisen på fosfor (P) som har auka aller mest internasjonalt. Og fosfor er det mykje av i husdyrgjødsel. Dette gjev auka fokus på å nytte husdyrgjødsel best mogeleg. Endra fosfornorm gjer også at ein bør spreie husdyrgjødsla over eit større areal.

NLR Østafjells har i dei siste åra gjennomført ein god del prøvetaking og påfølgjande vurdering av husdyrgjødselprøver. Rett bruk av gjødsla er viktig både ut frå ynskje om maks avling, økonomiske og miljømessige omsyn. Svært ofte vil desse omsyna dra i same retning m.h.t. å tilpasse gjødselmengder, spreiemetode, transportavstandar m.m. Nokon gonger vil det være behov for avvegingar mellom ulike omsyn, og dette vil også bli drøfta i møta.

Tema: Husdyrgjødsla sitt næringsinnhald og verknad på gjødselinnkjøp: Resultat frå NLRØ-prosjekt, Erfaringar frå NLRØ`s flistalleprosjekt. Tips for å oppnå betre kapasitet på utstyr, høgare kroneverdi på husdyrgjødsla og lågare spreiekostnader Innleiarar er Mari Hage Landsverk og Aslak Botten, NLRØ

 

Tid og stad: Onsdag 22/4-2020

Påmeldingsfrist 19. april kl 2359.

Påmelding her

Møte vert gjennomført som Webinar på Teams du kan logge på intill 30 min før møtet startar. Ver tidleg ute om du er usikker så kan me hjelpe deg Det er mogeleg å chatte og stille spørsmål undervegs

 

Webinar Dagmøte kl. 1100-1400

1100 - Husdyrgjødsla sitt næringsinnhald

1130 – kompostering og flistalle

1200-1230- Lunch

1230- Rett bruk av husdyrgjødsel

1300 - Økonomien i husdyrgjødsel

 

Webinar Kveldsmøte kl 1930-2200

1930 - Husdyrgjødsla sitt næringsinnhald

2000 – kompostering og flistalle

2030 kveldsmat

2100- Rett bruk av husdyrgjødsel

2130 - Økonomien i husdyrgjødsel

 

Kursavgift: 250 kr/medlem 350 kr/ikkje medlem NLRØ.

Møtene er støtta med Klimamidlar frå Fylkesmannen i Buskerud og Telemark

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.