Ved søknadsfristen 1. desember var det totalt 176 søkarar frå heile landet til Mentorordninga i landbruket for 2023.
– Det er kjempekjekt å sjå at vi får mange nye produsentar inn i landbruket og at dei ønsker å vera med på Mentorordninga i landbruket i 2023. Mangfaldet av fagområde er stort, og vi finn behov for mentor innan både tradisjonelle og nye næringar hos søkarane, seier Mette Feten i Norsk Landbruksrådgiving, NLR, som er ansvarleg for ordninga.
Til no er 144 plassar fordelt på NLR-regionane, men det kan verta nokre fleire. 62 erfarne bønder har meldt seg som mentorar. Ti regionkontaktar er i gang med å matche dei nye bøndene med passande mentorar.
– Det er ein jobb å gjere no med så finne gode mentorar til alle, seier Feten. Alt skal vere klart til dei regionale oppstartssamlingane i januar.
– Vi gler oss til å starte opp eit nytt mentorår med regionale samlingar i januar, seier Feten.
Les meir om Mentorordninga i landbruket og nokre av dei som har vore med på nlr.no/mentor
