Rekruttering er noko av det viktigaste vi driv med i NLR. Kunnskapsdeling med dei som skal arbeide innan landbruket er også av det viktigaste vi driv med. Uansett om du utdannar deg til å bli bonde, avløysar, maskinselgar, rådgivar, forskar eller noko anna: Vi vil gjerne dele NLR Teknikkmøtet med deg, og har pressa prisen til din fordel!
Skuleklassar kan delta på heile møtet for 1500 kroner. Då får læraren ei felles lenke. Enkeltelevar/studentar deltar digitalt til halv pris.
Alle som deltar får tilgang til spørsmålsappen vår på mobiltelefonen sin. Dermed er det like lett å sende spørsmål om du deltar digitalt som om du deltar fysisk. Veldig greitt om der er ting du lurer på.
Vi oppmodar alle skular som ynskjer å delta til å ta ein prat om programmet på førehand, så elevane kan førebu spørsmål og sjekke ut om her er ting dei kan nyttegjere seg til oppgåver dei arbeider med, eller om skulen ynskjer å bestille besøk av ein av NLR sine presisjonsrådgivarar i etterkant av møtet.
Elevar/studentar og skuleklassar er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å delta på det fysiske møtet også, men der må alle betale ordinær pris.