Saka er fyrste gong publisert i Grønt i fokus nr. 3 2021.

Lisbeth Gåsmo og Mikael Olmhus er med i mjølkesamdrift. Fjøset ligg på deira gard, og alt grovfôret som produserast på 350 dekar på garden vert selt til samdrifta. To haustingar har vore tradisjon og normalen på garden, men Mikael Olmhus har lenge gått med tankar om å gjere tiltak i grasdyrkinga.

– Dei åra vi treff godt med slåttetidspunktet, merkar vi at kraftfôrforbruket går ned, seier han.

Dei har vore med i eit pilotprosjekt, og ein gjennomgang med NLR Klima Førsteråd gjorde det klårt at det var positivt med forbetringar i både mengde og kvalitet på grovfôret. Det medførte at deg sette tankane dei hadde om betre grovfôr om til handling i enga.

– Det er interessant for oss å prøve tre slåttar. Det gir eit grovfôr med høgare energikonsentrasjon som igjen bør tilseie lågare kraftfôrforbruk, seier Mikael Olmhus.

– I Valdres har vi ikkje tradisjon for å hauste enga tre gonger, då vi ligg i eit område som gir ein marginal tredjeslått. Overgang til treslåttsystem krev at ein startar fyrsteslåtten tidleg nok, seier Magnhild Strand, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet. Det er ho som har gjennomført klimarådgjevinga hos Lisbeth og Mikael.

Mål om over 0,90 FEm

Grovfôranalysar frå dei siste åra syner ein kvalitet som ligg kring 0,85 til 0,88 fôreiningar mjølk (FEm) per kilo tørrstoff. Eit resultat som ligg på same nivå som det mange av grovfôrdyrkarane i Valdres har. Mikael Olmhus ynskjer seg eit grovfôr som held ein fôreiningskonsentrasjon over 0,90 FEm per kilo tørrstoff.

For å avgjere kva som er rett slåttetidspunkt, bruker Mikael framfor kvar slått ein god del tid på å gå i enga. Her vurderer han planteutvikling og kor langt gras graset er kome som ein indikator for energiinnhold.

– Du kan ha god nytte av å sjå på prognoseprøvane NLR Innlandet tek ut i forkant av kvar slått. Her kan du gjerne nytte dei tala som kjem frå andre områder, til dømes Lillehammer, seier Magnhild.

I tillegg peiker ho på grovfôrmodellen frå NIBIO som eit godt støtteverktøy for å vurdere rett slåttetidspunkt.

– Grovfôr hausta på eit tidleg utviklingsstadium reduserer utsleppet av metan frå drøvtyggjarar. Med andre ord er tidleg hausting eit godt klimatiltak samstundes som det er positivt for produksjonsøkonomien, seier Magnhild.

Hausting i rundballar

Alt fôret vert hausta og lagra i rundballar. Ein metode som Mikael Olmhus beskriv som effektiv for ein mann, men ikkje utan klima- og miljøulemper.

– Når ein nytter om lag 1000 rundballar i året, vert det ein god del plast å ta omsyn til. Vi har gode returordningar som sikrar at plasten blir gjenvunne, seier Olmhus.

Med det meste av dyrkamarka kring fjøset, ligg forholda godt til rette for å vurdere ei anna haustelinje.

– Vi har tenkt på plansilo, men ikkje konkludert på dette, seier Olmhus.

Olmhus rundballepresse
Ei effektiv haustelinje er naudsynt for å nå målet på 0,90 FEm per kg ts. Foto: Privat

Intensiv beiting

På eit 60 dekar stort skifte utanfor fjøset går mjølkekyrne og beitar. Med høg yting og effektiv drift krevst det ein god beitestrategi.

– Skiftet er delt i tolv delar. Kyrne går i to eller tre dagar på kvar del før dei får nytt beite, seier Lisabeth Gåsmo.

Halvparten av arealet er sådd med ei blanding av rug og raigras. Det har vore eit populært beite for kyrne.

– Ein må henge på med beitepussing. Det er avgjerande viktig for å sikre god attvekst og utnytting av beitene, seier Mikael Olmhus.

– Å gje råd for effektiv beiting har gjeve oss ei fagleg utfordring. I Valdres er det vanleg at dyra reiser på stølen om sommaren, og beiting på innmark heime på garden har såleis ikkje vore så aktuelt. Hjå dykk er effektiv beiting særs viktig, seier Strand.

3 A7 A3561
Effektiv beiting krev godt beitestell. Magnhild Strand (t.v.) gjev råd til Lisabeth Gåsmo og Mikael Olmhus. Foto: Morten Livenengen

Friske dyr produserer meir

Og innafor fjøsdøra er fokuset på god drift like stort. Dei unge brukarane har ein klar strategi for å avle på dyr med gode bein og jur.

– Avl er viktig. Vi ser heilt klart at friske dyr produserer meir, og god dyrehelse er utan tvil avgjerande for effektiv produksjon, seier Lisabet Gåsmo.

Ho kan og fortelje at dei no nyttar kjønnsseparert sæd. I gode kyr dei ynskjer å avle vidare på, nyttar dei sæd som gir kvigekalvar. Av kyr som ikkje skal avlast vidare på, er det kjøttfesæd som gir oksekalvar som står på inseminørens tingingsliste.

Tenkjer generasjoner

Lisabet og Mikael er opptekne av å gjere tilpassingar i drifta for å redusere klimagassutsleppa.

– Når ein driv gard er det på lag med naturen og klimaet. Og det vi gjer handlar om meir enn berre oss. Her tenkjer vi gjerne fleire generasjonar, seier Mikael Olmhus.

Dei er glade for å ha vore med i NLR si klimarådgjeving. Dette har vore ein start og ein læreprosess som setter tankane inn på meir klimariktig produksjon.

– Å diskutere eiga drift er ein god start for å lære kva tiltak som monnar, seier Mikael Olmhus.

FB Klimarapport radgiver bonde

Nå kan du bestille klimarådgiving fra NLR

Bli med i landbrukets felles klimaløft. Sammen finner vi de riktige klimatiltakene på din gård. Klimatiltaket bidrar også til bedre produksjon og økt lønnsomhet. Det er bra for drifta og bra for miljøet! Vår tiltaksplan er resultatet av NLR Klima Førsteråd for din produksjon.

Husk at du kan søke støtte fra Regionalt miljøtilskudd i jordbruket for et NLR Klima Førsteråd.

Les mer og finn din rådgiver