Gjennom prosjektet TELE-BU Grovfôrøkonomi 2021-2022 har mange gode krefter i «landbruksfamilien» gått ilag om å samle og formidle fagkunnskap og erfaringar om grovfôrproduksjon. Målsetjinga er at du skal bli kjent med grovfôrprisen på ditt bruk og finne tiltak for større avling og lågare grovfôrpris, produsert med lågt klimaavtrykk. Du får spesifikke innput om eigen produksjon samstundes som du deler erfaring og mottek kunnskap frå yrkesbrør og systrer, bygger nettverk og fagleg kompetanse.

Blir du med

Registrer feltopplysningar allereie no!

For best mogeleg grunnlagstal vil enkle feltnotatar no i vekstsesongen vere avgjerande.

Last ned og skriv ut notatskjema her

Individuell gjennomgang til hausten

Allereie i haust (Sept-Des) vil dei som melder seg på, få ein gjennomgang av eigen grovfôrproduksjon i lag med rådgjevar frå Norsk Landbruksrådgiving. Denne gjennomgangen talfestar mellom anna dyrkings-og haustekostnadar, tidsforbruk, kostnadar knytt til leigejord, avlingsnivå og syner til slutt grovfôrkostnad per fôreining. Der klimakalkulatoren er ferdigutvikla(mjølk og ammeku) nyttar me denne til å finne klimabelastninga i produksjonen.

En slik gjennomgang kan i seg sjøl gje deg ny og god innsikt i grovfôrproduksjonen din. Samt vere med å finne gode tiltak å bli betre på.

Dobbeltbilde hvit bakgrunn
Resultatet av gjennomgangen gjev deg en oversikt over kr/ FEm for alle arbeidsoperasjonar i grovfôrproduksjon din.

Fagleg og sosial regionsamling

På regionsamlinga til vinteren får du fagleg innput, erfaringsutveksling med gode kollegaer resultata frå prosjektet, og du deler eigne praktiske erfaringar og nøkkeltal i diskusjonsgrupper.


Ta kontakt med din NLR-rådgjevar eller faglag om du er interessert.

Eigenandel 2000 kr pr bonde + ev kost/losji på regionsamling.

Meld deg på her

Logo samarbeid
Et samarbeid mellom TYR, Norges Bondelag og NLR Østafjells