Innan regionalt miljøprogram er ei rekke ulike støtteordningar samla. Prioriteringane og tilskotssatsane varierer ein del frå fylke til fylke. Felles for RMP er at det er ordningar som støttar miljøvennleg landbruk og jordbruksdrift som tar vare på kulturlandskapet. Nedfelling av husdyrgjødsel og beiting i kystlynghei er dei største pottane i Rogaland.

Rogaland har tre ulike satsar etter kvalitet på kystlyngheia, medan Vestland har ein sats uavhengig av kvalitet og krav om vinterbeiting. Begge fylka har tilskotstak pr foretak. Områda må bli beita, men det er ikkje lenger krav om skjøtselsplan. Det er berre areal som er kartlagt og definert som kystlynghei i Naturbasen som vil få støtte. Det har dei siste åra vore nye kartleggingar etter NiN-metoden (Natur i Norge) og det kan vera litt vanskeleg å få oversikt. Beitar du i utmark som du trur kan vera registrert som kystlynghei kan du i god tid før fristen ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen din eller ein av våre rådgivarar som arbeider med kystlynghei:

Birgitt Harstad, tlf. 97014117

Ane Harestad, tlf. 94164528

Annlaug Fludal, tlf. 94845426

Villsau pa beite i kystlynghei Foto Annlaug Fludal
Sau på beite i kystlynghei. Begge foto: Annlaug Fludal.