I praksis er det dermed opna for at også dei i kommunane i Ryfylke og Dalane kan søke på dette tilskotet.

Kan søka frå i år

Endringa gjeld frå og med i år, så alle som allereie oppfyller kriteria denne sesongen kan alt frå i haust søka om tilskot.

Men for andre er tida inne for å vurdere investering. For bruk der det ligg godt til rette for slangespreiing har fleire prosjekt Norsk Landbruksrådgiving tatt del i (blant anna Grovfôr2020) vist at dette er lønsamt, men samtidig at tilskotet er ein sentral del av lønnsemda.

Fleire fordeler

Sjølv om metoden både er klimavenleg og for mange økonomisk, er det ofte andre fordeler som blir trekt fram av dei som går over til metoden. Både at det gir mindre jordpakking og at det blir mindre tomkøyring på jorde er gunstig ved å bruke tilførselslangar. Videre er ein meir fleksibel på tidspunkt og det blir mindre lukt med bruk av stripespreiar.

At vêr og tidspunkt er mindre viktig gjer at det også er meir aktuelt å ha slikt utsyr i sameige enn tradisjonelle tankvogner.

Kva er kriteria?

Tilskotet er delt i to. For å få tilskot må ein spreie husdyrgjødsla med nedfelling eller nedlegging. Den klart vanlegaste måten er å bruke stripespreiar til nedlegging. Dette tilskotet kan ein få uavhengig av om ein nyttar seg av tankvogn eller tilførselslangar.

Der ein nyttar seg av tilførsleslangar (ofte kalla slepeslangar eller slangespreiing) får ein i tillegg tilskot for dette.

Det er krav om at all bruk av husdyrgjødsel på areal det blir søkt tilskot til skal vere spreidd med miljøvenleg metode og at siste spreiedato på dette arealet er 10. august.

Satsar i Rogaland


Regionalt miljøporgram

Ordninga blir administrert av Statsforvaltaren, sjå gjerne deira sider for meir info.

Det er også tilsvarande ordning for kommunane i Vestland fylke, men her gjeld andre satsar og vilkår


Ta kontakt med oss!

Me hjelper gjerne med spørsmål og kan bidra med utrekninga av lønnsemd.