For 5.gong sidan 2017 har det blitt arrangert Lyng- og villbrannseminar på Haugalandet. I år var det nær 100 deltakarar.

Brenning som ein metode for å restaurera deler av det åpne kystlynghei-landskapet er tema på alle seminara. Seminaret er eit samarbeid mellom Haugaland lyngbrannreserve, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Høgskulen på Vestlandet, prosjekt Dynamic og lokale brannetatar.

Denne gongen hadde høgskulen ei nøkkelrolle under seminaret. Gjengroing nær bebyggelse fekk eit ekstra fokus. Initiavtakar Ove Stumo stilte spørsmål om korfor ikkje brannsikkerhet og naturen rundt blir vurdert ved planlegging av nye bustadfelt. Han viser lokale eksempel der småskog og brakefelt går heilt inn til husveggen. Ved brannkontroll i bustaden blir heller ikkje vegetasjon rundt huset vurdert. Kvar enkelt eller velforeningar kan gå saman om tiltak som verkar brannforebyggande, men det bør òg bli eit offentleg fokus på dette.

I år var ekstra mange frå ulike brannetatar på Sør- og Vestlandet representert på seminaret. I tillegg var det mange lokale lyngbrennarar.

På Haugalandet har det blitt brent rundt 5.000 daa siste sesong. Det årlege seminaret har blitt ein viktig møteplass for ulike grupper som har felles interesse i å hindra gjengroing.

Seminaret vart arrangert i Tysvær fredag 25. november. Sjå programmet her.

Opptak frå seminaret:

Her kan du lasta ned presentasjonane frå seminaret:

Vi brenner for Haugalandet - Annlaug Fludal og Ove Stumo (del 1)

Vi brenner for Haugalandet - Annlaug Fludal og Ove Stumo (del 2)

Frå lyngbrann til villbrann - Rune Nedrebø, brannmester Hå, Time og Gjesdal

Lyngheisenteret på Lygra - Torhild Kvingedal, leiar Lyngheisenteret

Tilskotsordningar knytta til brenning og kystlynghei - Statsforvaltaren i Vestland

Tilskotsordningar knytta til brenning og kystlynghei - Statsforvaltaren Rogaland

Brennpunkt Grinde - Ove Stumo

DSB orienterer - Heidi Løfquist

110-sentralen - Glenn Bjarne W. Dirdal

Hvis vinden hadde snudd 90 grader - Tom K. Meyer

Risikovurdering i randsonen - Torgrim Log, Høgskulen på Vestlandet