Åsmund Seljeset

Honndøl og Nordfjording, det er meg, oppvaksen på garden Seljeset langt inne i landbruksbygda Hornindal.

Ser du betre etter, er det jammen fleire av ho og, i godt selskap med hundekjeks, marikåpe, engsyre og løvetann. Dei kjem sjeldan åleine, og du vart ikkje kvitt dei i år heller. Ofte er det slik i engdyrkinga. Den evigvarande kampen mot ugras i enga er i fokus kvart år, og du kan etter kvart bli ganske lei. Sjølv om du aldri blir heilt kvitt ugraset, kan du med fokus på dei rette førebyggande tiltaka, og kjemisk bekjemping der det er nødvendig, halde mengda ugras i enga på eit akseptabelt nivå.

Vi går no mot ein vintersesong, og med unntak av haustsprøyting og brakking, er plantevernsesongen i enga over for i år. Men det er aldri for seint å oppdatere deg slik at du er førebudd til neste sesong. NLR Vest har i samarbeid med Agrilogg lansert ugraskurs på Agrilogg sine nettsider. Her lærer du meir om høymole, hundekjeks, lyssiv, krypsoleie, linbendel og vassarve. Kjenneteikn, utbreiing og sjølvsagt korleis du skal unngå dei, finn du på kurset her: Nettbasert kurs i samarbeid med Agrilogg

Her i NLR Vest har vi minst like stort fokus på ugraskampen som bonden sjølv. På NLR Vest sine nettsider finn du mange gode artiklar som tek føre seg ugraskampen i enga, både ved attlegg, brakking og generell sprøyting i sesong. Vi har også ei rekke faktaark som tek føre seg ulike ugras. Der finn du mykje god info om ulike typar ugras, og korleis du skal bekjempe dei. Les meir her: Ugras

Til slutt må vi få lærdommen ut i praksis. For ein ting er å lese artiklar og plansjar, men kor mykje har ein eigentleg lært? Dette kan du teste ved hjelp av ein ugrasquiz laga av NLR Viken. Sjå her: Test deg selv: Kjenner du ugraset? | NLR Viken

Det kjem ein serie autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel på nyåret. Dersom du melder di interesse alt no, kan vi betre planleggje kurssesongen slik at alle får plass på kurs til høvelege tider. Dette er ikkje bindande påmelding, men du vil bli kontakta når tid og stad for kursa er bestemt.

Meld di interesse for plantevernkurs her