Kolbjørn Taklo

Eg har aldri visst kva eg skulle bli når eg vart stor. No er eg snart ferdig med 50-åra, og har jobba over 25 år med helse miljø og tryggleik i landbruket, so då var det vel det eg vart, HMS-rådgjevar.

Skal eg ringe ho Gunvor Granne og få hjelp til å flytte oksane, eller klare sjølv, sikre kanten med eit rekkverk, eller balansere rundt, rydde først, ta på vernesko, feste setebelte i traktoren? Eller ta sjansen på at «det gjekk bra sist, så det går nok bra no og»? Svaret er vel at det veit du ikkje før det skjer. Hugs då at det skal utruleg lite ekstra innsats til for å sikre at det går bra, og det er kanskje det eg brenn mest for å formidle i dette innlegget

«Ulukker i landbruket- flaks og uflaks» er tittelen på neste podkast frå NLR Vest, Vestlandsbonden. Gjennom kommentarar og samtaler set eg der fokus på kvifor landbruk er ein versting når det gjeld ulukker med alvorleg skade eller dødeleg utgang. Rapporten «Ikke en bonde å miste» (Ruralis m.fl. 2016) slår fast at «ulykker i landbruket kan skje hvem som helst, hvor som helst og når som helst». Med dette meiner dei at det ikkje er noko fast mønster i ulukkene i landbruket. Dei skjer heile året, sjølv om der er ein viss auke i onnetida. På trass av vedvarande forsking og organisering av HMS-arbeidet i landbruket siste 40 åra, meiner ein i rapporten at det ikkje kan hevdast at ulukkesrisikoen er mindre no enn for 25 år sidan. Landbruk er framleis ein av dei mest ulykkesutsette næringane. Danmark hadde i 2011 eller 12 ingen dødsulukker i landbruket. I 2016 var der 5 dødsulukker på ein månad. Kvifor?

I podkasten får de høyre samtale med bonden Anders Hopland som fortel om fleire års tapt arbeidsevne og varige mein etter å ha mista tommelen ved eit arbeidsuhell. Han kjem og med sine vurderingar av det som skjedde, og kva som kan gjerast for å unngå ulukker. Eg snakkar og med styremedlem Arthur Salte i Norges Bondelag om kva som må til for å få færre ulukker i landbruket. Handlar det om flaks og uflaks, er det berre bonden sitt ansvar, eller er der faktorar som vi kan påverke og gjere noko med? Kva er Norges Bondelag sin strategi framover?

Mi vurdering er at vi i landbruket arbeider med for små tryggleiksmarginar. Vi er nøgd når det akkurat så vidt går, og kan vi ta ein snarveg for å spare tid, så er vi strålande nøgde. Døme: Om du greier å balansere bort på andre sida av siloen utan fallsele eller rekkverk, så har du spart tid på det, men om du dett 5-10 meter rett ned, så har du inga tid att.

Der er fleire svar på kvifor det framleis er mange ulukker i landbruket. Nokre av dei heng klart saman med økonomi og fysiske og psykiske belastningar med auka bruksstorleik og ansvar for større dyreflokkar. Dette krev løysing gjennom rammevilkåra til landbruket.

Ein nærmare nøkkel til færre ulukker ligg i på førehand å sikre at ein har noko å gå på, bygge barrierer som det heiter i andre bransjar. Den som diskuterer slikt med seg sjølv, taper ofte kampen om tida og sikringsnivå. Då kan du ha bruk for både ein HMS-rådgjevar, dokumentasjon, KSL og HMS-system. Bruk oss, vi er der for deg. Hugs at det kan lett gå bra!

Lytt til podkasten "Ulukker i landbruket, flaks og uflaks?"!