Leif Trygve Berge

Eg vaks opp på eit småbruk på Utåker mellom gamle og store frukttre oppom Askelandstompen, der dei bratte svingane går ned til ferjekaien. På garden var det mangesysleri med frukt, 20 sau, 3 mjølkekyr og litt laksefiske om sommaren.

Det viktigaste du må ta omsyn til om du skal lukkast med heilårs utedrift, er behovet for trakksterkt areal i terrenget rundt fôringsplassen. Vidare må du ha gode traktorvegar der du kan køyra inn grovfôr og gjera reint rundt og på fôringsplassen. Hugs at du må samla opp gjødsla, lagra den på ein forsvarleg måte over vinteren, og seinare nytta den som gjødsel på dyrka areal. Leskur må vera tørre og reine, og tilgjengelege for dyra i nær tilknyting til fôringsplassen. Mattilsynet kan gjera unntak dersom du finn naturlege leplassar, slik som i tett granskog, under hidlarar eller liknande.

Elles vil eg tilrå at arealet som husdyra dine skal gå på om vinteren vert skånt for beiting og trakk om sommaren, dersom du har nok beitegras på andre teigar. Dette gjer at du får betre grasvekst og mindre snyltarproblematikk.

At buskapen kan røra seg fritt heile året og mesteparten av tida under open himmel, gjer godt både for dyr og røktar. Men nokre viktige moment vil eg nemna:

  1. Først av alt, tenk HMS.
  2. Hald dyra tamme og tillitsfulle.
  3. Lag sikre stengsel som til dømes hindrar at dyra renn deg i senk når du kjem med nytt fôr.
  4. Fanghekk til storfê vil eg absolutt tilrå når enkeltdyr treng ekstra oppfølging.

Me har skrive litt om erfaringar frå dei fem ulike fôringsplassane me har følgt:

Dersom du vil drøfta eigne erfaringar med utegang eller om du vurderer å starta med ei slik driftsform, må du gjerne ta kontakt . Me har eit godt kontaktnett med utedriftsbruk og andre aktuelle fagmiljø, og vi tilbyr rådgiving om du vurderer å starte med eller bli betre på utedrift.

Eg gler meg til å høyra frå deg!

Leif Trygve 3