Voss er eit tungt jordbruksdistrikt og vossabøndene må til liks med resten av samfunnet gjere gode val i forhold til klima. Det vart i vår politisk vedtatt å støtte tiltak som kan vere gunstig for klimaomstilling i jordbruket på Voss. Utval for klima og miljø har gjort fyljande vedtak om tilskot som Vossabonden kan søkje om:

  • Vassjuk jord kan gje stort utslepp av lystgass, som er ein svært aggressiv klimagass. Drenering av jordbruksareal er eit godt tiltak. Staten yter kr 30 pr. meter for drenering, Voss herad vil gje eit tilsvarande tilskot kr 30 pr. meter drengrøft. Summen vert lagt til ved utbetaling av tilskot som vert gjennomført i 2022. Vilkår: må søkje om tilskot gjennom offentleg ordning for drenering av jordbruksjord
  • Klimakalkulatoren som er utvikla av og for landbruket er eit svært godt hjelpemiddel for optimalisering av drifta. I travle og stressa tider kan det vere vanskeleg å prioritere å ta denne i bruk. Heradet ynskjer å støtte dette og gjev tilskot til bruk av klimakalkulator; kr 1000. Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis. Meir info om dette kjem i samband med lansering av klimakalkulator for sau som skal vere i juni.
  • Arealtilskot til dyrking av poteter og grønsaker. Kr 2000 pr. dekar. Minste areal 1 dekar. Føretak som ikkje søkjer produksjonstilskot må sende søknad til Voss herad innan 1.august for å få registrert areala sine.
  • Direkte innsåing av kløver i etablert eng vert utprøvd i storskala forsøk, og deltakarar får dekt ein del av utgiftene og fôranalyser.
  • Heradet har også ein liten pott til gode klimatiltak som landbruket ynskjer å gjennomføre.