Miljøtiltak på garden

06.02.2013 (Oppdatert: 21.09.2016) ,  Dagfinn Ystad

Miljøtiltak på garden

Landbruksverksemdene forvaltar store areal og verdiar. Kulturlandskapet, kulturminna og det biologiske mangfaldet som jordbruksdrifta gjennom generasjonar har skapt, har stor verdi for samfunnet og folk flest, og det er eit ynskje at bonden tar vare på dette. Det er også viktig for landbruket, som for andre næringar, at produksjonen ikkje fører til miljøforureining eller alvorlege miljøskader.

Det er fleire forskrifter og ordningar som gjeld miljøarbeidet i landbruksproduksjonen. Dei viktigaste er forskrift for miljøplan på garden, tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket og det regionale miljøprogrammet.

Klikk her, så får du vite meir!

Foto: Dagfinn Ystad