For dei fleste planter er vasshushaldet eit dilemma. Vatn fordampar ut gjennom spalteopningane på blada, samtidig skal CO2 inn gjennom blada. CO2 brukar planta som råvare i fotosyntesen. Er vasstilgangen knapp vil planta lukke spalteopningane og planta kan ikkje ta opp CO2 og fotosyntesen vil ikkje få nok råstoff i sin karbohydratproduksjon. Plantene vil derfor ha redusert produksjon lenge før vi ser visnesymptom. Når plantene tek til henge med hovudet, kan fotosyntesen ha vore hemma i mange dagar. Transporten av vatn frå rota oppover og utover i planta er avgjerande for transporten av næringsstoff som planta treng til vekst og utvikling. Rett vasstilgang er viktig for vekst og avling, mange produkt vert til og med seld etter vekt, og vatnet utgjer ein stor del av vekta. Dårleg eller ujamn vasstilgang går ofte ut over kvaliteten. Tørke kan føre til vekststans og tidlegare modning. Ujamn tilgang på vatn kan gi sprekking i f eks potet og gulrot.

Sjølv om vi synest at vi får nok nedbør, er det ofte for lite den tida plantene treng mest. I april, mai og juni er det normalt lite nedbør på våre kantar, samtidig er det då stigande temperatur og lufta kan ta opp stadig meir vatn. I tillegg kan veret variere veldig får år til år. Det er sjølvsagt også skilnad på kva slags kultur det er snakk, og kor stort tap tørken kan påføre produksjonen. I gras og korn vert det sjeldan vatna, medan det i potet, grønsaker, frukt og bær vil vere lønsamt å vatne dei fleste år. I veksthuskulturar er det vatninga som styrer heile produksjonen, der må ein gjerne vatne 5-10 gongar om dagen fordi volumet på dyrkingsmediet er lite. I veksthus er det også små marginar, ingen kan drive ein halvgod veksthuskultur, plantene må ha optimale vilkår heile tida. På friland vert det ofte venta for lenge før ein startar vatninga og då vatnar ein gjerne i meste laget når ein først kjem i gang.

Ulike jordartar har ulik evne til halde på vatnet. Sandjord har ofte ikkje meir enn 5 % av jordvolumet som tilgjengeleg vatn, medan siltjord kan ha opp mot 20 % . Sandjorda krev derfor at ein startar vatninga tidlegare og at ein vatnar oftare. Det er ikkje utan grunn at sandjord vert oppfatta som tørkesvak.

Nedbørrekneskap

Det går an å setje opp eit rekneskap over nedbør, vatning og fordamping. Dette er ei god hjelp der ein med rimelege midlar kan vurdere vatningsbehovet, men det krev gode rutinar. Ein framgangsmåte kan vere å ha to bøtter med vatn plassert i feltet. I den eine bytta fyller ein olje på toppen av vatnet slik at det hindrar fordamping. Dersom vatnet i bytta utan olje minkar i høve til den med olje, er fordampinga større enn det som vert tilført av vatn, altså er det behov for vatning. Fordampinga frå eit plantedekke er om lag like stor som frå ei fri vassflate. I tørt ver på sommaren er fordampinga opp til 5 mm per dag eller 35 mm på ei veke, då bør ein vatne med tilsvarande mengde.

Tensiometer

Tensiometer er ein gammal metode for å måle vasstilstanden i jorda. Nedste enden av tensiometeret er ei celle av porøst keramisk materiale, frå denne går det eit rør opp til eit vakuummeter, dvs eit manometer som måler sug eller negativt trykk. Ved bruk skal cella vere fylt med vatn, den skal gravast ned i jorda og bør då stå fast på ein plass gjennom sesongen. Det er viktig å plassere den keramiske cella i den djupna der ein vil måle vasstilstanden. Ved tørke i jorda vil det oppstå eit sug inne i cella, dette kan avlesast på vakuummeteret som eit negativt trykk. Måleområdet går frå 0 til 0,85 bar. Som regel bør det vatnast i området 0,4-0,7 bar. Vatninga bør startast tidlegast på lett jord og i tørt ver.

Tensiometer
Tensiometer med porøs spiss nedst og eit vakuummeter oppe til høgre.

Elektriske metodar

Elektriske eller elektroniske målemetodar er ofte basert på elektrisk motstand eller elektrisk leiingsevne i jordvæska. Det finst også andre prinsipp som f eks neutronmeter. Det finst også instrument som måler varmeleiingsevne i jorda. Enkelte av desse er flyttbare slik at ein kan ta dei med seg, stikke dei i jorda og måle på ulike stader. Andre må gravast ned og stå fast heile sesongen slik som tensiometer. Dei fastståande gir som regel meir pålitelege målingar. Mange elektroniske instrument gir høve til elektronisk overføring av målingar, slik at registreringane frå mange målepunkt kan samlast i ein loggar eller i ein PC. Ofte kan dataoverføring skje trådlaust. Enkelte elektroniske instrument kan brukast til automatisk styring av vatninga, sjølv om dette er mindre vanleg på friland. "Watermark" er eit slik elektronisk instrument som måler elektrisk motstand og som har vist seg brukbart i praksis. Prisen på "Watermark" er 5000-10000 kroner, det tener ein fort inn att dersom ein har nytte av det. "Watermark" kan fleire sensorar som står fast i jorda heile sesongen, men ein klarer seg normalt med ei måleinstrument som ein tek med frå sensor til sensor. Også elektriske/elektroniske instrument er avhengige av temperatur og jordtype, som regel er det med tabellar for omrekning etter temperatur.

Måling direkte på planta

De finst også instrument/metodar som måler væskebalansen direkte på planta. Yara Water Sensor er eit instrument som måler væsketrykk i bladet. Dette kan ein ta med seg og måle på fleire blad/planter. Eit såkalla Scholander-kammer er eit lite trykkammer der eit blad kan setjast under trykk for å sjå kor sterkt vatnet er bunde i bladet. Slike metodar er på mange måtar gode fordi dei måler væskebalansen direkte i planta. Desse apparata kan vere nyttige i forsking, men er likevel ikkje så enkle å bruke i praksis.

Guttasjon jordbaer
Guttasjon i jordbær viser at denne planta får nok vatn og kalsium.

Planta som indikator

Det er planta sitt behov for vatn vi gjerne vil vite. Samspel mellom plante, jord og luft er avgjerande for vekst og utvikling. Dei fleste instrument er berre dårlege forsøk på etterlikne naturen, og måler berre ein liten del av verkelegheita. Instrumenta er likevel gode hjelpemiddel for å talfeste vasstilgangen i jorda, men eit instrument som måler fuktigheit i jorda fortel lite om fordampinga. Høg temperatur og sterk fordamping kan føre til tørkestress i planta sjølv om det ikkje er direkte tørke i jorda. Visning er eit symptom på tørkestress om alle kjenner, men når plantene heng med blada burde vatninga vore starta for mange dagar sidan. Mange planteartar kan ha såkalla guttasjon, dette er små dropar i bladspissane eller bladranda. Dei viser seg som regel tidleg om morgonen. Dette er resultat av eit svakt overtrykk i planta og eit bevis på at planta får nok vatn. Ikkje alle kulturplanter viser guttasjon, men i grasartar og jordbær er det ofte tydeleg.

Guttasjon gras
1.Guttasjonsdråper i gras. 2. Visne jordbærplanter. 3. Yara Water Sensor. 4. Ulik vassledningsevne. 5. watermarksensorar
Visne jordbaerplanter
1.Guttasjonsdråper i gras. 2. Visne jordbærplanter. 3. Yara Water Sensor. 4. Ulik vassledningsevne. 5. watermarksensorar
Yara Water Sensor
1.Guttasjonsdråper i gras. 2. Visne jordbærplanter. 3. Yara Water Sensor. 4. Ulik vassledningsevne. 5. watermarksensorar
Jordatenes20evne20til20a20holde20pa20vatn
1.Guttasjonsdråper i gras. 2. Visne jordbærplanter. 3. Yara Water Sensor. 4. Ulik vassledningsevne. 5. watermarksensorar
Watermark sensorar
1.Guttasjonsdråper i gras. 2. Visne jordbærplanter. 3. Yara Water Sensor. 4. Ulik vassledningsevne. 5. watermarksensorar