Eitt innpust når du kikar inn røreluka kan vere nok til at du besvimer! Blir du liggande i område der det er gass, er det risiko for skader i nervesystem og hjerne, og død. Satsar du på at det går bra i år og, eller tar du deg tid til ei ekstra tryggleiksvurdering?

Det vert alltid frigjort gassar når du rører opp møk. Nokre av desse er giftige og farlege.

Hydrogensulfid (H2S) er den farlegaste. I nokre tilfelle kan konsentrasjonen av hydrogensulfid vere så høg at eit par innandingar er nok til at ein besvimer. Gassen hindrar cellene i å ta opp oksygen, og eit andedrag i røreluka kan vere nok, sjølv om der er god oksygentilgang. I små dosar luktar den sterkt av ròtne egg, ved stigande konsentrasjonar vert luktesansen lamma, og gassen vil kunne gje skade på sentralnervesystemet. OBS! Det kan vere svært kort tid mellom låge og høge dosar.

Ammoniakk (NH3) er utan farge og er kjenneteikna med ei skarp, stikkande lukt, sjølv i små konsentrasjonar. Det vil vere frigjort ammoniakk ved opprøring av blautgjødsel. Gassen kan gje irritasjon og skadar i svelg og lunger ved innpusting.

Gassar fortrenger oksygen. Karbondioksid og metan er gassar utan farge og lukt, og er såleis ikkje råd å oppdage utan måleinstrument. Desse kan vere skadelege i seg sjølv, men ein skal særskilt vere merksam på at ved frigjering av gassane vert oksygenet i lufta fortrengt. For lite oksygen kan føre til at ein besvimer utan varsel.

HMS

Aktuelt verneutstyr. Dersom du kjenner ubehag og får hovudverk av møkarøring, og vil sikre deg meir enn før, kan du bruke halv- eller heilmaske med grått(B) gassfilter mot hydrogensulfid. Om du vil verne deg mot fleire gassar, bruk filter med bokstavkode ABEK, (brunt, grått, gult og grøn). Men ingen av desse filtera hjelper, dersom der ikkje er nok oksygen!

Dersom det er ope mellom gjødselkjellar og fjøs, bør du skaffe deg måleinstrument for minimum hydrogensulfid og oksygennivå. HMS-rådgjevar kan gje råd om dette

Viktige tiltak for sikker opprøring og handtering av blautgjødsel

  • Ikkje rør i tungt, stille vêr
  • Rør varsamt over tid, unngå å bryte for mykje av skorpa tidleg
  • Luft maksimalt i husdyrrom ved opprøring, bruk gjerne silovifta for å blåse inn luft
  • Sjekk om du har vifter som skal reverserast
  • Steng av og merk område der det kan vere gassfare ved røring, med skilt og band
  • Sei ifrå til nokon at i dag skal du røre møk, og kor tid du er ferdig
  • Gå aldri inn i husdyrrom ved mistanke om gass
  • Stå aldri nær rørekum eller tappeopning. Hald andre borte og!
  • Friskluftsutstyr må nyttast dersom du skal inn i gjødselkjellar eller tankvogn
  • Viss mogleg, lat ut dyra før du rører der det er ope samband mellom fjøs og kjellar
  • Pass på at luker i kummar er forsvarleg sikra, også under opprøring og tapping
  • Setebelte i traktor bergar liv